Lagar du bål av avfall?

Eksempel på eit avfallsbål som det er ulovleg å tenne på. (Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal).
Eksempel på eit avfallsbål som det er ulovleg å tenne på. (Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal).

I samband med feiring av sankthansaftan er det mange som ønskjer å brenne bål. Nokre vel då å sette fyr på avfallet sitt. Dei tenker kanskje at det ikkje er så nøye med kva som skjer med deira «rusk og rask», men brenning av avfall er både skadeleg og ulovleg.

Fylkesmannen vil minne om at det einaste ein kan brenne lovleg, er reint trevirke som greiner, kvistar og ubehandla trematerial. Alt anna er avfall og må leverast til eit godkjent avfallsmottak. Desse mottaka sørgjer for at avfallet enten blir materialgjenvunne eller går til forbrenning. I forbrenningsanlegga blir energien i avfallet blir gjenvunne, og det er god reinsing av gassane som oppstår under brenninga.

Luftforureining

I eit vanleg bål har ein ikkje kontroll på tilhøva når det gjeld temperatur og kva for gassar som blir produserte. Resultatet av ukontrollert brenning er spreiing av partiklar (sot) og ulike gassar som kan vere svært skadelege både for menneske og miljø.

Forureina grunn

I tillegg til giftige gassar og helseskadelege partiklar, får ein oske og andre restar av brent materiale. Dette vil ofte føre til at grunnen der bålet stod, blir forureina. Det vil igjen føre til at grunneigaren kan få vanskar i samband med graving i eller bygging på grunnen. Og grunn med mogleg forureining kan ein ikkje selje utan å melde frå til kjøparen om at det her finst noko som kan gje vanskar og store kostnader i framtida. Mange stader kan også brannrestane hamne i sjø eller vassdrag og forureine der. Oska som blir igjen etter slik brenning, kan vere farleg avfall og må leverast til eit godkjent mottaksanlegg for slikt avfall.

Gjenvinning

I tillegg til at det forureinar, er brenning å sløse med ressursar. Store deler av avfallet vårt kan brukast om igjen på ein eller annan måte, og det skjer dersom avfallet kjem inn til avfallsmottaka. Det som ikkje kan brukast om igjen, blir brent i spesielle anlegg der energien blir utnytta.

Alle former for privat avfall kan leverast til ein miljøstasjon dersom det ikkje kan sendast med i renovasjonen. Eksempel på materiale som ikkje lovleg kan brennast, er møblar, sponplater, teppe, plastkanner, målingsspann, og trevirke som er måla, impregnert eller inneheld lim eller lakk.

Forbod mot brenning

All brenning av avfall er ulovleg dersom det ikkje er gitt løyve frå forureiningsmyndigheitene. Privatpersonar kan etter avtale med kommunen brenne ubehandla trevirke for eksempel i samband med sankthansfeiring. Har du planar om slik brenning, så ta kontakt med kommunen din i god tid på førehand. Verksemder må alltid levere alt sitt avfall til eit godkjent avfallsmottak.

Kommunen er myndigheit

Det er kommunen som er myndigheit når det gjeld open brenning. Ser du eit bål med anna ein reint trevirke, skal du melde frå til kommunen slik at den kan gjere noko med saka. Det same gjeld for bålplassar som er under oppbygging og dersom du oppdagar andre former for forsøpling. Er bålet alt tent på, må du ringe brannvesenet slik at blir søkt så raskt som mogleg. Unngå å puste inn gassane frå bålet.

Kommunen må sørge for at grunnen der bålet stod, blir registrert i matrikkelen med mistanke om forureina grunn. Då vil noverande og framtidige grunneigarar få kjennskap til at det her kan vere skadelege stoff i grunnen, og kommunen vil måtte gjere grundige vurderingar dersom det nokon gong skal gravast eller byggast på staden.

Forsøpling eller brenning av avfall frå verksemder kan du også melde frå om til Fylkesmannen. Vi fører tilsyn med at verksemder leverer avfallet sitt til eit mottak som har fått løyve til dette frå oss.

Kontaktpersonar