Ikkje brenn avfall på sankthansbålet!

Bål med avfall som kan gje skade på helse og miljø. Biletet er frå 2006.
Bål med avfall som kan gje skade på helse og miljø. Biletet er frå 2006.

Bålbrenning er kjekt og spesielt på sankthansaften. Like kjekt er det ikkje når søppel i bålet kan gjere røyken giftig og gjere at miljøgifter frå oska sig ned i grunn og ut i vatn. Ta ansvar for kva du legg på bålet!

Det å brenne bål ved midtsommar er ein hyggeleg tradisjon. Like hyggeleg er det ikkje at det kvart år er mange som brukar sankthansbål til å bli kvitt avfall. Mykje avfall blir i desse dagar samla for å gå opp i røyk. Dette kan til dømes vere gamle båtar, gamle sofaer, vindauge, plast, gummi, hagemøblar og impregnert trevirke.

Brenning av avfall kan vere helseskadeleg for dei som oppheld seg i nærleiken av bålet, sidan brenning av avfall kan føre til at giftige stoff blir frigjorde. I tillegg vil brenning av avfall kunne forureine miljøet. På eit sankthansbål skal det derfor berre vere reint trevirke. Reint trevirke må vere heilt fritt for lim, lakk og maling.  

Det finst avfallsselskap i alle kommunane som kan ta i mot det andre avfallet. Ta kontakt med desse for meir informasjon om handtering og levering.

Fagansvarleg Anne Melbø hos Fylkesmannan oppmodar folk til å ta ansvar for kva dei legg på bålet. - Legg berre reint trevirke og kvist på bålet. Brenning av anna avfall kan gje helseskadar og forureine miljøet. Dessutan kan grunneigar bli påført kostnadar i samband med opprydding eller salg av eigedom med forureina grunn. Anne Melbø

Vis bålvett!

Hugs at det er reglar for brenning av bål. Sjekk med kommunen eller brannvesen om du er i tvil. Les meir hos miljødirektoratet.

Brenn berre reint trevirke. Anna søppel i bålet kan gje røyk og oske som er giftig for folk og natur. Grunneigar kan få store kostandar med å ryddje forureina grunn etter ulovleg avfallsbrenning.

Kva kan du brenne på bålet?

Dette kan du legge på bålet:

- Reint trevirke

- Tørka halm, kvist o.l.

Avfall som du ikkje må legge på bålet:

- Impregnert trevirke -  kan innehalde koppar og verstingstoffa krom, arsen og tjærestoffet kreosot. Oske og røyk er giftig.

- Madrassar, møbel, tekstil, skumplast - kan innehalde polyuretan som gir helseskadelege gassar, blåsyre og kolos.

- Plast  - brenning kan skape dioksinar som er m.a. kreftframkallande. Plast kan og innehalde ei rekkje andre skadelege stoff.