Fylkesmannen reagerer etter tilsyn ved Bingsa næring

Ved eit uvarsla tilsyn av Bingsa Næring si nystarta behandling av tre typar av farleg avfall, fann Fylkesmannen i Møre og Romsdal at drifta ikkje er i samsvar med dei vilkåra som er sett i løyvet etter forureiningslova.

Fylkesmannen ser alvorleg på saka og varslar at verksemda må stanse behandlinga fram til tiltak er utført. Resten av anlegget vil gå som normalt og det er framleis trygt å levere farlig avfall på Bingsa.

Ålesund kommune ved Bingsa næring fikk i oktober 2014 utvida løyve til å kunne behandle farleg avfall. Løyvet gjaldt behandling av tre typar farleg avfall: klorparafinvindauge, CCA-impregnert trevirke og brannavfall. Behandlinga består i å gjere avfallet meir handterleg for transport ved å sortere og kverne det før det blir sendt vidare. Fylkesmannen var på tilsyn 21. september for å sjå på denne delen av drifta.

 - Målet med tilsynet var først og fremst å få erfaring med korleis eit slikt behandlingsanlegg fungerer, seier fagansvarleg for forureining hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal Anne Melbø. - Vi var ikkje førebudd på at verksemda skulle ha mange alvorlege brot på vilkåra i løyvet.

 Sentrale vilkår i løyvet ikkje oppfylt

Alle anlegg som driv med avfall må ha løyve etter forureiningslova. I løyvet vert det stilt vilkår som skal hindre forureining og forsøpling. Vilkåra for behandling av farleg avfall er langt strengare enn for ordinært avfall. Under Fylkesmannen sitt tilsyn hos Bingsa Næring vart det avdekt at vesentlege vilkår i løyvet ikkje er, og heller ikkje har vært, oppfylt. Lagring og behandling skjer utandørs utan fast dekke og tak i strid med vilkåra. Dette kan ha ført til at prioriterte miljøgifter og andre farlege stoff har blitt tilført grunn og vatn. - Vi ser alvorlig på saka, seier Anne Melbø.

Framleis trygt å levere farleg avfall til Bingsa

Fylkesmannen presiserer at det framleis er trygt å levere farleg avfall til Bingsa. – Bingsa har eit av dei beste mottaks- og mellomlagringsanlegga for farleg avfall vi har i fylket, og ingen må være redde for å levere sitt farlege avfall hit, seier Anne Melbø. – Avvika som no er avdekt, gjeld berre for eit nytt prosjekt Bingsa Næring starta opp med for vidare behandling av tre typar farleg avfall. Fylkesmannen skal sjå til at farleg avfall blir behandla utan noko fare for miljøet. Dette gjer at vi har varsla mellombels stans av den delen av anlegget som driv med oppdeling av CCA-impregnert trevirke og behandling av den delen av brannavfall som er definert som farleg avfall. Behandlinga av vindauge med klorparafinar har verksemda allereie avslutta, då løyvet for denne aktiviteten var tidsavgrensa til et år.

Fylkesmannen endrar eigne prosedyrar

Fylkesmannen tar sjølvkritikk på at vi ikkje har oppdaga forholda tidlegare. - Vi har tatt dette til etterretning og vil no endre praksis når det gjeld å dra på tilsyn når vi gir nye løyver. Tidlegare har vi hatt som hovudregel at ei ny verksemd eller ny aktivitet skal ha tilsyn frå oss innan eit år. Dette blir no endra, og målet vil vere å dra på tilsyn innan eit halvt år.

Kontaktpersonar

Farleg avfall

Farleg avfall inneheld helse- og miljøfarlige stoff, og må bli handsama riktig, mellom anna for å unngå at miljøgifter blir spreidd og kan hope seg opp i naturen. Farleg avfall skal ikkje blandast med anna avfall. Hushald og privatpersonar skal levere alt farleg avfall til kommunale mottaksordningar. Verksemder skal deklarere og levere farlig avfall til godkjente mottak. Miljødirektoratet gir løyve til innsamling og behandling av farleg avfall, mens Fylkesmannen gir løyve til mottak og mellomlagring av farlig avfall. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har fått delegert myndighet frå Miljødirektoratet for den konkrete vidarebehandlinga av farleg avfall hjå Bingsa Næring.

Isolerglasvindauge med miljøgifter 
PCB, klorparafinar, ftalatar og andre miljøskadelege stoff i lim/fugemasse finst ofte i forseglinga i isolerglasvinduge. Stoffa kan og smitte over til treverket. Vindauga skal ikkje knusast, blandast med anna avfall eller dumpast i konteinar, men leverast heile i ramma til mottak for farleg avfall. Dette er nødvendig for å redusere faren for avdamping/utslepp av miljøskadelege stoff, noko som elles vil kunne føre til helseskade og forureining av miljøet.

CCA-impregnert trevirke
Tungmetalla krom og arsen, som finst i CCA-impregnert trevirke, er svært giftige både for menneske og natur. I 2002 blei det forbod mot å ta i bruk, importere eller omsette trevirke og produkt som er impregnert med krom eller arsen. Kasserte produkt med slik impregnering er å rekne som farleg avfall og skal leverast til godkjent mottak for farleg avfall.

Brannavfall
Avfall etter en brann kan ha farlege stoff i seg. Brannar kan sjåast på som ukontrollert forbrenning, der ein ikkje har kontroll med kva som blir brent eller forholda forbrenninga skjer under. Det vil mellom anna bli utvikla PAHar og dikosinar/furanar under ufullstendig forbrenning. I nokre tilfelle vil konsentrasjonane av farlege stoff bli så høge at avfallet etter ein brann blir klassifisert som farleg avfall.

Høg risiko for miljøkriminalitet

Mottak og behandling av farleg avfall er ein bransje der erfaring viser at det er særleg høg risiko for miljøkriminalitet. Aktørane i bransjen har "motsatt økonomi". Inntektene blir generert ved mottak av avfallet, og utgiftene kjem ved forsvarlig handsaming av avfallet. Det er dermed store mulegheiter for å tene ekstra ved lovbrot. For å sikre at aktørane i bransjen ikkje taper på å følge regelverket, er det viktig å slå ned på dei som vel lettvinte løysingar og bryt reglane.