Brenning av bygningar

Det hender at kommunar og privatpersonar ønskjer å kvitte seg med bygningar ved å brenne dei. Skjer dette, vil det føre til forureining av luft og grunn.

Etter forureiningslova er det forbode å forureine. Dette går fram av § 7 i lova. All brenning av avfall er ulovleg dersom det ikkje er gitt løyve frå forureiningsmyndigheitene. I enkelte høve vil ein likevel kunne brenne ned kondemnerte bygningar utan at det er nødvendig med løyve. Bygningane må da vere reinska for materiale som ikkje er eigna for brenning.

Forureining frå brenning av bygningar

Dersom eit bygg brenn, vil gassar og partiklar forureine lufta, og oske og andre brannrestar vil kunne forureine grunnen der bygget stod. Open brenning av avfall og biologisk materiale kan føre til store utslepp av blant anna tjærestoff (PAH), dioksinar og tungmetall. Slike stoff er skadelege for helse og miljø.

Forureina grunn

Etter ei brenning må eigedomen registrerast i databasen Grunnforurensning med mistanke om forureina grunn inntil det blir tatt prøver av grunnen for å fastslå tilstanden. Eigedomar med påvist eller mistanke om forureining, skal registrerast i denne nasjonale basen slik at informasjonen kjem med i matrikkelen (det offisielle eigedomsregisteret) og dermed er kjent ved eventuell seinare bygge- eller gravearbeid på eigedomen og når eigedomen skal skifte eigar. Det kan bli naudsynt med opprydding av grunnen i etterkant, og ein må følgje forureiningsforskrifta kapittel 2 ved eventuelle terrenginngrep.

Farleg avfall

Restane etter ei brenning kan vere farleg avfall. Det er eit nasjonalt mål å minimere mengda med farleg avfall. I tillegg er det meir kostbart å levere slikt avfall enn ordinært avfall.

Øving for brannmannskap

Det er ikkje lovleg å brenne bygg berre for å bli kvitt dei. I særskilte tilfelle kan det vere aktuelt med kontrollert benning av bygningar som øvingsobjekt for brannvesenet. Dersom eit slikt alternativ skal kunne vurderast, må det vere meldt inn behov frå brannmannskap på førehand slik at øvinga er omfatta av brannvesenet sin øvingsplan for det aktuelle året. I tillegg må bygninga vere grundig miljøsanert på førehand. Dette inkluderer fjerning av alle vindauge som inneheld PCB eller klorparafinar. I tillegg bør alt materiale som ikkje er brennbart, fjernast. Miljøsanering må vere gjennomført også om bygningen skal rivast.

Etter forureiningslova § 8 tredje ledd kan forureining skje utan løyve dersom den ikkje fører til nemneverdige skadar eller ulemper. Kommunen er forureiningsmyndigheit for open brenning og må føre tilsyn med saneringa før ei eventuell brenning for å sikre at brenninga skjer lovleg. I tillegg må kommunen vurdere risikoen for helse- og miljøulemper i samband med brenninga. Brenning vil vere ulovleg dersom det vil oppstå nemneverdige ulemper. I slike tilfelle er det Miljødirektoratet som kan gi særskilt løyve til tiltaket.

Dersom kommunen har vedtatt ei lokal forskrift om open brenning, må det gjevast dispensasjon frå forskrifta. I Møre og Romsdal er det fastsett lokale forskrifter i kommunane Fræna, Gjemnes, Kristiansund, Molde, Nesset, Rauma, Rindal, Sandøy, Stranda, Surnadal, Tingvoll, Ulstein og Ålesund.

Meir informasjon og rettleiing for kommunane kan ein få ved å lese det som finst om temaet på nettstaden Miljøkommune. Ein kan også kontakte Fylkesmannen.

Faktaboks

Føresetnader for at bygg kan brennast:

Brannvesenet har meldt behov for øving

Bygget er miljøsanert

Ikkje-brennbart materiale er fjerna

Kommunen har vurdert mulege ulemper

Kommunen har ført tilsyn

Det er gitt dipensasjon frå eventuell lokal forskrift

Brannrestar blir levert til godkjent avfallsmottak

Muleg forureina grunn blir registrert