Årsrapport til Fylkesmannen for avfallsverksemder

Avfallsverksemder må levere årsrapport til Fylkesmannen. Fristen for innsending er 1. mars 2018. Du finn skjema og meir informasjon i denne artikkelen.

Kven skal sende inn årsrapport?

Alle verksemder som mottar, mellomlagrar og behandlar avfall må levere årsrapport. Dette omfattar følgjande avfallstypar og aktivitetar:

  • Farleg avfall
  • Kasserte kjøretøy
  • Avfallsortering, inkludert mottak av EE-avfall
  • Behandling av EE-avfall
  • Returasfalt/returbetong
  • Kompostering av oljehaldig masse
  • Slambehandling
  • Deponi

Kor skal årsrapporten sendast?

Årsrapporten skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til fmmrpostmottak@fylkesmannen.no.

Dei som driv avfallsdeponi, slambehandling eller behandlingsanlegg for EE-avfall skal rapportere via Altinn. Meir informasjon finn du til høgre på sida.

Kva skal vere med i årsrapporten?

I årsrapporten skal det rapporterast på mengde avfall inn og ut frå anlegget, samt kor mykje avfall som er på lager. I tillegg vil vi ha opplysningar om eventuelle klagar frå naboar og eventuelle andre avvik i løpet av året. For å gjere det enklare å rapportere har vi laga skjema som de kan rapportere på. Desse finn de via lenkjene til høgre på sida. Det er også mogleg å bruke rekneark eller rapportar frå eigne system. Men hugs da å få med den same informasjonen som vi ber om i våre skjema! Det skal levereast ein årsrapport per aktivitet.

Verksemder må levere årsrapport!

Det blir rekna som eit alvorlge brot på utsleppsløyva om det ikkje blir levert årsrapport eller om årsrapporten er mangelfull. Vi vil følge opp slike tilfelle spesielt, og verksemdene som ikkje leverer må også rekne med å bli pålagt tvangsmulkt.

Kvifor årsrapport?

Ei årleg rapportering gir Fylkesmannen viktige data når vi skal følgje utviklinga i næringa, og det gjer oss betre i stand til å forvalte dette viktige området. God avfallshandtering er veldig viktig for samfunnet vårt, og korleis dette gjerast har stor innverknad på ei rekkje miljøtilhøve, til dømes forsøpling, utslepp av miljøgifter, utnytting av ressursar og utslepp av klimagassar. Ei rapportering vonar vi også vil gjere verksemda meir medveten på eigen aktivitet og korleis denne påverkar miljøet.

Korrekt rapportering er verksemda sitt ansvar

Det er verksemdene som har ansvaret for å sende inn ein rapport. Rapporteringa omfattar alle parametrane og vilkår som er regulert i løyvet saman med utslepp av andre parametrar som følgjer av verksemda sin aktivitet. Verksemda har sjølv eit ansvar for å halde oversikt over alle sine utslepp, og for å vurdere kva utslepp som er relevante for rapportering.

Om verksemda oppdagar feil i rapporterte utslepp frå tidlegare år som følgje av endra måle- eller utrekningsmetodar, betre statistikk, eller liknande, ber vi verksemda korrigere desse og sende oppdaterte data til oss.

Er det noko du lurar på?

Ved spørsmål, ta kontakt med oss. Du finn kontaktinformasjon til høgre på denne sida.