Utfordringar med utføring av C-undersøkingar grunna koronavirus

Grunna dei tiltak myndigheitene har satt i verk for å hindre spreiing av koronaviruset i befolkninga, ser vi at det kan bli ei utfordring for nokre akvakulturanlegg å få utført planlagde C-undersøkingar ihht. NS9410:2016.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.03.2020

Oppdrettsselskap som har C-undersøkingar som er planlagt gjennomført før 1. juni 2020, og som på grunn av smitterestriksjonane ikkje får utført desse på tidspunkt angitt i standardens punkt 8.4 eller punkt 8.7, må melde frå til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.


C-undersøkingane skal tas så raskt det er moglegheit for dette, og deretter følgje frekvensane i standarden.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal kjenner ikkje til at dette skal vere noko problem i dagens situasjon, men ved eventuelt behov for utsetjing av undersøkinga ber vi om at dykk melder ifrå til fmmrpost@fylkesmannen.no.