Akvakultur

Havbruksnæringen produserer trygg, sunn og god sjømat, og skaper viktige arbeidsplassar og verdiar. Noreg har oppdrett av laks, regnbogeaure og andre artar langs hele kysten og på innlandet. Langsiktig vekst i næringa er avhengig av at belastninga på miljøet vert halden innanfor akseptable rammer. 

Fylkesmannens oppdrag er å vurdere om oppdrettsanlegget kan komme i konflikt med regionale og nasjonale interesser. Konfliktar knytt til friluftsliv, naturvern, vilt og fiskeinteresser står sentralt i Fylkesmannens vurdering. Eit vilkår for å få løyve til å drive fiskeoppdrett, er at det også blir gitt utsleppsløyve etter forureiningslova. Det er Fylkesmannen som gir slike utsleppsløyve. Det blir også stilt krav til avfallshandtering og kjemikaliebruk.

Fylkeskommunen har tildelingsmyndigheten og koordineringsansvaret for søknader om akvakulturløyve. Fylkeskommunen tek den endelege avgjerda, og gir løyve til å drive fiskeoppdrett.

Vis meir


20.05.2020

Miljødirektoratet opprettheld Fylkesmannen sitt avslag på auke i MTB på lokalitet Dryna grunna korallførekomstar i området

Det siste året har Fylkesmannen i Møre og Romsdal pålagd fleire oppdrettarar å kartleggje moglege korallførekomstar i nærleiken til anlegga deira.

12.05.2020

Søknadar om mellombels auka MTB på lokalitetsnivå grunna korona

Søknadar om mellombels endring av MTB på lokalitetsnivå grunna koronasituasjonen skal sendast på eige søknadsskjema.

24.03.2020

Utfordringar med utføring av C-undersøkingar grunna koronavirus

Grunna dei tiltak myndigheitene har satt i verk for å hindre spreiing av koronaviruset i befolkninga, ser vi at det kan bli ei utfordring for nokre akvakulturanlegg å få utført planlagde C-undersøkingar ihht. NS9410:2016.

06.08.2019

Funn av korallar i nærleiken til oppdrettsanlegg

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har pålagt 4 oppdrettarar å kartleggje moglege førekomstar av korall i nærleiken til anlegga deira.

18.06.2018

Tilrådning til etablering av ny oppdrettslokalitet ved Indre Harøy og frarådning til etablering av ny oppdrettslokalitet ved Storværet, Fræna og Aukra

Fylkesmannen råder Møre og Romsdal fylkeskommune til å gi konsesjon til Salmon Evolution sitt landbaserte anlegg ved Indre Harøy i Fræna. Med bakgrunn i innskrenkninger av friluftsinteresser samt sårbare bestander av sjøørret og laks fraråder vi å gi konsesjon til Måsøval fiskeoppdrett ved Storværet i Aukra. Dersom Mattilsynet ved sin vurdering av smitterisiko bare finner rom for etablering av ett av disse to omsøkte anleggene, vil vi råde til at Salmon Evolution sitt anlegg blir prioritert.

15.06.2018

Energi fra Nyhamna til nytt landbasert fiskeoppdrettsanlegg ved Indre Harøy

Fylkesmannen ber Miljødirektoratet sammen med aktuelle myndigheter og næringa om å vurdere muligheten for å overføre kjølevannet fra Gassco AS sitt anlegg ved Nyhamna til Salmon Evolution AS sitt planlagte anlegg ved Indre Harøy.

08.06.2018

Landbasert fiskeoppdrett - Salmon Evolution, Fræna

Fylkesmannen gir Salmon Evolution tillatelse til utslipp fra nytt landbasert fiskeoppdrettsanlegg ved Indre Harøy i Fræna kommune.

06.09.2017

Fylkesmannen fører tilsyn med oppdrettsanlegg

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har så langt i 2016 og 2017 kontrollert 37 oppdrettsanlegg fordelt på 8 ulike oppdrettsselskap. Hensikten med kontrollane er å sjå til at krav i forureiningslova med tilhøyrande forskrifter og løyve blir etterlevd. Fylkesmannen nyttar óg kontrollane til å informere om miljørisiko knytta til drift av oppdrettsanlegg. 

07.04.2014

Oppdrett ikkje kjelde til kadmium i krabber

Fiskeoppdrett er truleg ikkje årsak til høge kadmiumnivå i taskekrabbe. Nye undersøkingar viser at kadmiumnivåa rundt oppdrettsanlegg ikkje er spesielt høge i dag. Les meir på miljødirektoratet.no!

01.04.2014

Risikovurdering 2013 - Lakselus og rømd fisk er mest problematisk

I "Risikovurdering norsk fiskeoppdrett 2013" gir Havforskningsinstituttet ein oppdatert kunnskapsstatus og risikovurdering av miljøverknadene av norsk fiskeoppdrett, dyrevelferd i norsk lakseoppdrett, samt bruk av reinsefisk i oppdrettsanlegga. Les meir på HI sine nettsider!

Fleire nyhende