Miljø og klima

Miljøvern er eit omfattande fagfelt som dekkjer alt frå arealforvaltning og førebygging av forureining til kartlegging av naturmangfald, klimatiltak og forvaltning av fisk og vilt.

Alle sektorar har eit ansvar for å ta omsyn til miljøet i si eiga verksemd. Fylkesmannen skal medverke til at miljø- og arealpolitikken til regjeringa blir gjennomført på regionalt og lokalt nivå. Kommunane har ei sentral rolle i miljøvernarbeidet. Rettleiing og oppfølging av kommunane er derfor ei viktig oppgåve for oss. 

Vis meir


22.01.2020

Fangststatistikk for laks og sjøaure i elvane Møre og Romsdal 2019

I 2019 vart det rapportert inn ein totalfangst av laks (avliva + utsett) frå elvane i Møre og Romsdal på omlag 24,3 tonn. Dette er ein liten oppgang på 0,8 tonn frå 2018, som var eit svakt år. Surna hadde størst fangst av laks i fylket med totalt 5,1 tonn. Eira og Driva kom deretter med 2,6 tonn. Overvakingsfisket i Rauma gav over 2 tonn og viser at elva er på veg opp igjen. Sjøaurefangsten i fylket var på historisk botnnivå med 2,7 tonn. Nåsvassdraget i Eide hadde størst sjøaurefangst med 548 kilo.

21.01.2020

Søknad om utfylling i sjø ved Skarbøvik i Ålesund

Epax Norway AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved eigedomen 119/148.

17.01.2020

Fylkesmannen betre rusta til å hjelpe kommunane

FNs berekraftsmål om å stoppe klimaendringane seier at vi skal "Handle umiddelbart for å bekjempe klimaendringene og konsekvensene av dem". Fylkesmannen i Møre og Romsdal har vedtatt at vi skal ha klimaomstilling som satsingsområde dei komande åra for å sikre trygg framtid for folk og natur. Vi har satt ned ei arbeidsgruppe som skal gi råd og rettleiing til klimaarbeid i kommunane.

16.01.2020

Oppstart av skogvern i Tingvoll kommune

Fylkesmannen melder med dette oppstart av plan for to nye områder for vern som naturreservat i samsvar med reglane i naturmangfaldlova § 42.

19.12.2019

Hjelp til lokal planlegging for klimaendringar

Klimaet er i endring, og kommunane har eit ansvar for å redusere konsekvensane. Statleg planrettingsline for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing (SPR) gir føringar for korleis dette skal handterast i plan. Det er no utarbeida ein rettleiar til delen om klimatilpassing.

19.12.2019

Vær Smart! - kurs i klimatilpassing

«VÆR SMART!» er Miljødirektoratet sitt kursopplegg om klimatilpassing for kommunane. Kurset er tverrfagleg og relevant for mange ulike delar av kommunen. Det same kurset vil bli arrangert både i Ålesund og Kristiansund.

11.12.2019

Kystverket søkjer om løyve til tiltak i Hjertøysundet

Ved sprenging og mudring skal djupna aukast på to forskjellige plassar i sundet. Hensikta er å gjere det lettare for ferjene og andre båtar som ferdast i området.

09.12.2019

Verdfulle skogområde verna i Møre og Romsdal

Regjeringa har i Statsråd 06.12.2019 oppretta tre nye skogreservat, samt utvida eit eksisterande verneområde i fylket vårt. Alle vernevedtaka kjem etter at grunneigarane tilbydde skogen for frivillig vern. Dette er eit viktig tiltak for å ta vare på naturmangfaldet i skogsnaturen vår.

09.12.2019

Lisensfelling av ulv 2019/2020

Rovviltnemnda i region 6 har opna for felling av inntil tre ulvar i Midt-Norge vinteren 2019/2020. Lisensfellingsperioden er 1. desember 2019 til 31. mai 2020.

06.12.2019

Søknadar om løyve til Mekvik Maskin AS og Veidekke Industri AS i Kristiansund kommune

Mekvik Maskin AS og Veidekke Industri AS søkjer om løyve etter forureiningslova.

Fleire nyhende Få nyheitsvarsel