Sjukdomsavløysing - lettare å få dispensasjon

Nye retningslinjer frå Landbruks- og matdepartementet gjer det noko enklare å få dispensasjon frå kravet om at den sjukmelde må ha inntekt tilsvarande minst ½ G frå jordbruksføretaket, for å få tilskot til avløysing ved sjukdom m.m.

Dei nye retningslinjene frå departementet gjev Fylkesmannen noko større rom til å bruke skjøn i vurderinga av dispensasjonssøknader.

Kravet er at den avløyste skal ha ei gjennomsnittleg inntekt frå jordbruks- eller gartneridrift på minst halvparten av grunnbeløpet i folketrygda, for å kunne få tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel m.m. I nokre situasjonar kan det vere at dette kravet ikkje alltid er oppfylt.

Nyetablering og omlegging

I føretak som startar opp med jordbruksproduksjon eller gartneridrift, vil ikkje kunne fylle kravet til næringsinntekt. Det same kan gjelde dei som har gjort store investeringar knytt til omlegging eller modernisering av drifta. Næringsinntekta kan då bli for lita til å få tilskot til avløysing ved sjukdom, fødsel m.m.

I 2015 vart retningslinjene for å gje dispensasjon stramma inn, og mange fekk avslag på søknaden sin. Landbruks- og Matdepartementet skriv 16. januar 2017 om behovet for at føretak bør kunne få dispenasjon. Resultatet er at jordbruksføretak no kan få dispensasjon frå kravet til næringsinntekt, dersom jordbruks- eller gartneridrifta vert rekna som næringsverksemd i skattemessig forstand, og den avløyste har nær nok tilknyting til drifta i føretaket. Ein sjukmeld innehavar av enkeltpersonføretak vil normalt kunne få dispensasjon frå inntekstskravet.