Endring i regelverk og skjema for sjukdomsavløysing

Frå januar 2018 er det nokre endringar i regelverket for avløysing ved sjukdom og fødsel m.m. På grunn av dette er også søknadsskjemaet endra.

Det er viktig å sette seg in i endringane. Søknader om tilskot til avløysing i 2018 kan ikkje behandlast av kommunen, uten at det nye skjemaet er brukt. Les vidare om kvifor.

Nytt grunnlag for tilskot

Den viktigaste endringa er at tilskotet no vert berekna etter dyretalet på første dag i søknadsperioden. Søkjaren skal sjølv gje opp kor mange dyr føretaket disponerer. Saksbehandlaren må kontrollere grunnlaget for tilskot og eventuelt sjølv rekne ut tilskotsgrunnlaget i kvart enkelt tilfelle.

Nytt søknadsskjema

På grunn av endringa i tilskotsgrunnlag, er det utarbeidd nytt søknadsskjema. Der er det oppgitt aktuelle satsar og plass til å føre på dyretal og eventuelle areal.

Skjemaet er tilrettelagt for at søkjaren kan fylle det ut i nettelsaren, og så skrive det ut. Det kan også skrivast ut og fyllast ut for hand.

Del av skjemaet med tabell for dyetal og satsar

Del av skjemaet med tabell for dyetal og satsar

Dispensasjon og søknadsfrist

Det er gitt nærare retningslinjer om utforming av vedtak om dispensasjon frå kravet om næringsinntekt på minst halvparten av grunnbeløpet i folketrygda (1/2 G), og kva vurderingar som skal leggast til grunn.

Tolkinga av når søknadsfristen tek til å gå, er endra. Søknadsfristen er 3 månederetter siste dag i avløysingsperioden. Startpunktet er altså siste dag i avløysingsperioden. Dette er enklare for søkjaren å forstå.

temasida for avløysing ved sjukdom og fødsel m.m. kan du lese meir om regelverket, retningslinjene og hente det nye skjemaet.