Frå tre-avfall til designmøblar

Foto: Yrjan Olsen
Foto: Yrjan Olsen

I Surnadal ligg fleire spennande trebaserte bedrifter. Fleire av desse har vore i forkant med omsyn til trebasert produktutvikling i mange år, det gjeld mellom anna Bøfjorden sag og Solem sag.

Dette året har avfall frå deira produksjon blitt tatt til nye høgder gjennom eit spennande samarbeid med Olav Engelstad, masterstudent ved Industriell design, NTNU. Olav har skrive masteroppgåva «Design with Waste Wood», med Nils Stensrud og Pasi Alto som sine rettleiarar.

Med oppgåva viser Olav at trebasert avfall kan foredlast. Frå å vere ein kostnad kan avfallet i staden bli ein ressurs med lengre levetid og høgare verdi. Resultatet av oppgåva er ein serie møblar; eit salongbord, ein stol og enda eit mindre bord. Råstoffet er avfallsvirke med stor diameter og med høgt nivå av fuktigheit. Møblane er designa på ein slik måte at det ikkje er nødvendig å tørke materiala ytterlegare. Det betyr at produksjonen av møblane har låg belastning på klimaet, ved at ein ikkje treng å bruke tid og energi på tørking.

Olav fortel at han har eit spesielt engasjement for tre som materiale, men at gjenbruk og redesign av alle materialtypar er spennande. Han ønsker å bruke kompetansen og kreativiteten sin til utvikling av produkt som vi treng i eit meir berekraftig samfunn.

Tredrivaren i Møre og Romsdal har støtta arbeidet med «Stipend for å fremje smart bruk av tre i Møre og Romsdal». Dette er eit stipend på kr 10 000 som kvart år stimulerer til samarbeid mellom trebaserte næringar i Møre og Romsdal og studentar.