Bruk av tre

Tre er eit fornybart, miljøvenleg og framtidsretta byggemateriale med låge klimautslepp, stort bruksområde og kort byggetid. Tre er eit konkurransedyktig materiale økonomisk, miljømessig og i mange tilfelle også teknisk. Fylkesmannen skal bidra til å nå nasjonale mål om auka bruk av tre som bygningsmaterial gjennom oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet.

I samarbeid med Innovasjon Norge, Fylkeskommunen i Møre og Romsdal, Arkitektforeininga, Skognæringsforum og Trefokus har Fylkesmannen oppretta prosjektet Tredrivaren i Møre og Romsdal. Tredrivaren skal bidra til å auke bruken og kompetansen om tre som bygningsmateriale. Prosjektet skal bidra til auka verdiskaping hos trebasert treindustri. 


17.10.2016

Ekstra tilskot ved bruk av tre i driftsbygningar i landbruket!

Frå 2016 er det innført eit ekstra investeringstilskot på inntil kr 50.000 ved brukav tre som byggemateriale i driftsbygningar i landbruket. Ordninga blir forvalta gjennom dei bedriftsretta verkemidla i landbruket, som blir administrert av Innovasjon Norge.

28.09.2016

Auka interesse for tre som bygningsmateriell

Stadig fleire vel å bruke tre som bygningsmateriell. Gode effekter på inneklima, pris, byggetid og miljøvenleg bygningsmaterial gjer at bruken av tre er aukande!

30.08.2016

Kva kan tre som byggemateriale nyttast til?

Under eit seminar i Molde 22. september vil ulike løysingar for å bygge større bygningar i tre bli presenterte. Med Romsdalsmuseet og nye Romsdal VGS som særprega og nyskapande eksempel vil vi presentere gode løysingar for lyd, brann, drift, arkitektur og økonomi.

20.05.2016

Stort potensiale for tre som bygningsmateriell

Tre har lange tradisjonar som byggemateriale og har dei seinare åra også blitt meir aktuelt til konstruksjonar i større og meir komplekse bygg.