Fagsamling Veg: 18. - 19. oktober på Aleksandra hotell i Molde

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har frå Skogkurs og Landbruksdirektoratet blitt spurd om fylket kunne vere vertskap for årets samling for skogfunksjonærar og offentlege tilsette som arbeider med veg.

Årets samling vil ha hovudfokus på skred og ras i samband med bygging av permanente og midlertidige vegar. Auka aktivitet på skogsdrift og vegbygging gjer dette til ei aktuell problemstilling, spesielt i eit fylke som Møre og Romsdal med nesten 60 % av granskogen ståande i terreng definert som bratt! Vidare er det og ei utfordring i heile landet at ikkje alle kommunar ser seg råd til å halde seg med skogkompetanse, sjølv om fagfeltet er dekt opp. Kommunane skal i dag godkjenne alle drifter der det må gravast for å kunne hogge skog og kompetanse på lausmassar og skredfare er det på langt nær alle med skogkompetanse som sit på.

Samlinga vil prøve å gi svar på ein del av utfordringane framover. NVE og andre med fagkompetanse på bratt terreng og vil halde innlegg om emnet dag 1, og dag 2 blir ein rundtur i buss med fagstopp der deltakarane vil sjå utfordringane bratt terreng gir oss i dag.

Meir informasjon og påmelding her: http://www.skogkurs.no/info/Fagsamling_veg_17.html

Kontaktpersonar

Stor omlegging i søknad om produksjonstilskot 2017

Nytt systemet for produksjonstilskot vart sett i drift frå 1. mai 2017. Søknadsfrist del 2 er 15. oktober. Ver merksam på at søknadsfristen 15. oktober er endeleg. Søknaden må levereast via internett.