Ekstramidlar til skogsvegar 2016

Landbruksdirektoratet har tildelt Møre og Romsdal ei ekstraløyving på 700 000 kr for 2016.

Landbruksdirektoratet heldt att 6 millionar til område med stor aktivitet. Med innkomne søknader og vegar søkte FMMR om behov for ytterligare 2 millionar i tilskot til skogsvegar i fylket vårt. Møre og Romsdal er tildelt 11,6 % av den nasjonale ramma. Samla tilskot til drift i vanskeleg terreng og til vegbygging vil i 2016 vere 8,7 millionar. 5,2 millionar av denne potten er sett av til vegbygging, og nærare 3 millionar er allereie løyvd.

Fylkesmannen minner om 2. søknadsfrist for tilskot til skogveg. Fristen er 15. august.   

Kontaktpersonar

Lenkjer