Ny topp i avverkinga i Møre og Romsdal i 2016

Det blir stadig teke ut meir tømmer enn før frå skogane i Møre og Romsdal. 2016 vart eit nytt rekordår, men det meste av fordlinga skjer andre stader.

Heilt sidan 2009 har det vore jamn auke i hogstaktiviteten i Møre og Romsdal, og denne trenden heldt seg også gjennom 2016. I 2016 vart det i fylket avverka 325 337 kubikkmeter tømmer for sal, opp om lag 15 % frå 2015. Av dette var omlag 306 000 kubikkmeter gran.

Møre og Romsdal er no godt inne i haustinga av kulturskogen planta på 50 - og 60-talet, men berre små volum blir foredla innom fylket. Massevirke av gran blir skipa til Trøndelag, og mykje av sagtømmeret blir eksportert til Sverige, Tyskland og no seinast Belgia.  Noko går også til Moelven sitt bruk i Namsos. Tømmer frå Rindal blir køyrd på bil til mottak i Sør-Trøndelag, og resten av grana blir skipa frå kai.

Avverkinga av furu viser ein jamn, svakt fallande tendens med om lag 17 250 kubikkmeter totalt, og 9200 kubikkmeter sagtømmer til lokale bruk. Det er signal for 2017 om noko auka aktivitet på furu. Om ikkje anna, så er aktørane opne for kjøp av furu i område dei tidelegare ikkje kjøpte.

Nasjonalt har det òg vore ei svak auke i avverkinga med 10,43 millionar kubikkmeter tømmer for sal.