Utviklingsmidlar til økologisk landbruk

Kvart år vert det sett av middel til utviklingstiltak innan økologisk landbruk over jordbruksoppgjeret. Midla vert forvalta av Landbruksdirektoratet. Søknadsfrist er 15. september.

Middel til utviklingstiltak innan økologisk landbruk 2017 er avsett over jordbruksoppgjeret.  Utviklingstiltaka skal bidra til å nå målet om at 15 prosent av matproduksjonen og matforbruket skal vere økologisk i 2020. Det kan gjevast tilskott til å gjennomføre prosjekt som bidreg til kunnskapsutvikling og til å redusere barrierar knytt til økologisk produksjon og marknad.

Ramma for nasjonale utviklingsprosjekt er ca. 15 mill. kr. Tilskott kan gjevast til organisasjonar og foretak.

Det er særleg aktuelt med prosjekt innan følgande tema:

  • prosjekt som bidreg til å styrke privat og offentleg forbruk
  • prosjekt som styrkar foredling og distribusjon
  • prosjekt som styrkar og aukar informasjon og kommunikasjon om økologisk jordbruk
  • prosjekt som fremjer kontakt og samarbeid mellom primærprodusentar og markedsaktørar

Aktuelle tiltak kan vere informasjons- og kommunikasjonstiltak, utgreiingar, utvikling av sals- og distribusjonsløysingar og produktutvikling.