Interessante tema i ØkoUka 2016

Stevnemøte mellom lokale produsentar av økologiske matvarer, leverandørar og kokkar i Molde, familiedag på Moldegård, parselldyrking, parsellsafari, forteljarstunder i drivhus, humler og bier, grønsakkooperativ, kompost, mangeårig økobonde Nils Drabløs, Shabana Rehman, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, osv er stikkord som dukkar opp i programemt for ØkoUka. Kom og delta.

Det er mange interessante møteplassar og arrangement under ØKOUKA. Sjå berre smakebitane nedafor.

Kven produserer, og kvar får vi kjøpt
Tysdag 6. september blir det møte mellom lokale økoprodusentar/leverandørar og kokkar/serveringsbedrifter i Molde. 

Familiedag
Laurdag 10. september tek det til med familiedag på Moldegård, parsellsafari, humler og kompost, seinare diskusjon/samtale på Moldegård. Dagen blir avslutta med foredrag/samtale på Storyville, Plassen.

Byvandring
Søndag blir det byvandring med Liabonden og andre bønder i lia.

ØKOUKA i Møre og Romsdal – er eit samarbeid mellom fleire aktørar, og blir arrangert med støtte frå Fylkesmannen og Debio Info. Det er andre året vi har dette arrangementet her i fylket. Fleire av arrangementa er eit samarbeid med Bjørnsonfestivalen.

Du finn meir informasjon i vedlagde program.