Inspirasjonsbønder til ØKOLØFTmøte i Molde

Torsdag 17. november kl 11-15 kjem to av inspirasjonsbøndene i Landbrukets ØKOLØFT til Alexandra hotell i Molde, for å delta på ope landbruksmøte.

Dei to produsentane er mjølkeprodusent Turid Haga Vange frå Vik i Sogn og gulrot- og potetbonde Jens Edvard Kase frå Rygge i Østfold. Dei er erfarne, og gir deg inspirasjon og kunnskap.

Salet av økologisk mat aukar som aldri før, samtidig som norsk økologisk produksjon minkar. Må vi importere den økologiske  maten? Kan vi gjennom felles satsing bygge opp ein produksjon av økologisk mat på norske ressursar?

Bli med på seminar om mulegheiter og utfordringar innan økologisk produksjon.

Landbrukets ØKOLØFT er eit samarbeid mellom Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Debio, DebioInfo, Økologiske  føregangsfylke, Norsk Landbruksrådgjeving og Oikos – Økologisk Norge. Formålet med prosjektet er å bidra til auka produksjonen av økologiske landbruksprodukt i Noreg. Det er første gong landbruksorganisasjonane går saman i eit forpliktande og systematisk samarbeid på dette området. Det unike med prosjektet er det konkrete samarbeidet på tvers av organisasjonar og fagmiljø. Alle partnerorganisasjonane står samla bak alle budskap og aktivitetar i prosjektet i eit felles løft.

Velkommen til møte om muligheitene innea økologisk produksjon.