Ei heil veke med økologisk mat og landbruk

Fire temadagar pluss familiehelg: Neste veke går Økouka i Møre og Romsdal av stabelen på Tingvoll. Her er det spennande tema for landbruks- og matinteresserte i alle aldersgrupper.

Staden er Tingvoll økopark og bak arrangementa står Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK), Tingvoll økopark, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Oikos Møre og Romsdal, Møre og Romsdal bonde- og småbrukarlag og Møre og Romsdal bondelag. 

Heile veka blir det arrangert fagforedrag med ulike tema: Forskar Reidun Pommeresche vil halde foredrag om livet i jorda og professor Dag Jørund Lønning skal presentere den nye boka si, «Jordboka». Kokken Britt Elisabeth Fossdal vil halde matkurs for SFO- og barnehagetilsette og det blir møte om korleis etablere måltid i skuletida. Elles byr programmet på diverse foredrag, pubkveld og familiehelg med mange ulike innslag.

Ein dag er sett av til temadag om korn. Kan lokalt korn brukast til mat og korleis kan lokale kornprodukt supplere anna matkorn og auke matmangfaldet? Målet med temadagen er å auke kunnskapen om og interessa for økologisk og lokal matproduksjon. Kan vi få til meir lokal verdiskaping med utgangspunkt i kornproduksjon? Her blir det teke opp tema som urkorn og korleis bake med dette kornet, dyrking av gamle kornsortar, korleis produsere kvalitetskorn til mat med norsk sortsmateriale og på kva måte det kan dyrkast økologisk matkorn i Møre og Romsdal.

Kontaktpersonar

Lenkjer