Sauebøndene ønsker færre jerv

Fleire sauebesetningar i Møre og Romsdal har hatt 20-30 prosent tap av lam til jerv over fleire år. Jervebestanden er nær dobbelt så stor som bestandsmålet.  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.10.2020

I mange år har det vore auke i tap av lam til jerv i alle kommunane i Møre og Romsdal som har beite i fjellområda Dovrefjell-Sunndalsfjella, Snøhetta, Reinheimen og Tafjordfjella. Beitenæringa har prøvd alle tenkjelege førebyggande tiltak. Dei nyttar utvida tilsyn gjennom heile beitesesongen, samt voktarhundar, kadaversøkjande hundar, radiobjøller og lammeklaver.

Kvart år blir beitedyra sanka heim frå fjella fleire veker før normal sankedato, fordi jerven startar vinterhamstringa på seinsommaren. Dei siste åra har heller ikkje tidlegsank vore til hjelp, då jervangrepa har starta allereie i midten av juli.

Svært mange Jerv

Stortinget vedtok i 2004 eit nasjonalt bestandsmål på 39 årlege ynglingar av jerv. I Møre og Romsdal er det mål om 3 årlege ynglingar, medan det i Oppland er mål om 4 ynglingar. Både nasjonalt, og i Møre og Romsdal og Oppland, har talet på ynglingar vore langt over bestandsmålet dei siste åra.

I 2020 er det nasjonalt registrert 66 ynglingar, med 6 ynglingar i Møre og Romsdal og 7 ynglingar i Oppland. Det betyr at det lever nær dobbelt så mange vaksne jerv i høgfjellsøkosystemet rundt Snøhetta enn kva bestandsmålet seier.

Det viktigaste verktøyet for å regulere størrelsen og utbreiinga av jervebestanden skal vere lisensfelling, i perioden 10. september til 15. februar.

Tettare samarbeid om jervefelling

Rovviltnemndene i Oppland og Midt Norge hadde eit vellukka møte på Bjorli i august, saman med beitebrukarar frå begge sider av fylkesgrensa. Nemndene vil forsøke å få til eit tettare samarbeid, og dei fekk ei klar og eintydig melding frå næringa: - «Det einaste vi ynskjer er at jervetalet skal kome ned på bestandsmålet».

I jervesona i Oppland er det no lisensfellingskvote på 5 jerv, og i dei beiteprioriterte områda er det sett fellingskvote på 7 dyr kvar i Møre og Romsdal og Oppland. Folk lokalt på begge sider av fylkesgrensa samarbeider no om fellinga, for å kome ned på bestandsmålet for jerv i høgfjellsøkosystemet på fylkesgrensa mellom Møre og Romsdal og Oppland.

Les meir om felling av jerv her ... 

Kontaktpersonar