Fugleinfluensa i Norge hausten 2020

Mattilsynet melde i slutten av november at det er påvist sterkt sjukdomsframkallande (høypatogen) fugleinfluensa i Rogland. Sjukdommen er også påvist i Sverige, Danmark og fleire land i Europa denne hausten.
Denne saka er skriven før 1.1. 2021 då Fylkesmannen endra namn til Statsforvaltaren.
Portforbod og innmelding av fjørfehald
For å hindre smitte frå ville til tamme fuglar har Mattilsynet innført portforbod for fjørfe i fleire fylker, blant dem Møre og Romsdal. Konsekvensane ved eventuell smitte frå villfugl til fjørfe kan vere svært alvorlege. Det er difor veldig viktig at nausynte smitteforebyggande tiltak vert gjennomført i både kommersielle fjørfehald og i hobbyfjørfehald. Mattilsynet oppfordrar alle med hobbyfjørfe til å registrere dyrehaldet sitt på mattilsynet.no.
Smitterisiko
Den varianten av fugleinfluensa som no er påvist representerer ein risiko for fuglar. Folkehelseinstituttet vurderer risikoen for smitte til menneske som svært låg.
Meld frå til Mattilsynet om døde fuglar
Mattilsynet oppfordrar folk som ferdes langs sjø, vatn og våtmarksområde om å informere Mattilsynet ved funn av sjuke eller døde fuglar. Fuglar som er døde av ytre skadar, er avmagra eller rotne er i utgangspunktet ikkje aktuelle å undersøkje for fugleinfluensa. Men, ved funn av døde fuglar utan synleg dødsårsak bør ein kontakte det lokale Mattilsynet på tlf. 22 40 00 00. Av omsyn til generell smittefare skal ein unngå å kome i fysisk kontakt med sjuke og/eller døde fuglar.
Smittesituasjonen vert vurdert fortlaupande
Smittesituasjonen kan endre seg raskt og Mattilsynet gjer derfor fortlaupande vurderingar av situasjonen. For meir informasjon sjå Mattilsynet si nettside,som vert oppdatert fortlaupande.