Stor interesse for tidleg spreiing av husdyrgjødsel påvirka tilskotssatsane

Prosentvis fordeling av tiltak mellom miljøtema
Prosentvis fordeling av tiltak mellom miljøtema

Bøndene i fylket har vist stor interesse for tiltak i miljøprogrammet som stimulerer til meir miljøvennleg bruk av husdyrgjødsla. Data frå saksbehandling av søknader om tilskot viser dette. Fylkesmannen fastsette endelege satsar for tiltaka i miljøprogrammet i veke 3, og den siste saksbehandlinga fram mot utbetaling i mars har starta i kommunane. Dei fleste vil få tilskotet utbetalt første veka i mars.

Fylkesmannen fastsette i veke 3 endelege satsar for utbetaling av tilskot gjenom regionalt miljøprogram.

Tiltaket Spreiing i vår/vekstsesongen vart eit svært populært tiltak. Det vart søkt om tilskot til dette tiltaket for i alt ca. 108000 dekar, som er nær det dobbelte av forventa. Signala tyder på at tiltaket vil få endå større tilslutning neste år. Det er svært positivt at miljøprogrammet ser ut til å kunne bidra til meir miljøvennleg handtering av husdyrgjødsla. Dette vil vere ein vinn-vinn-situasjon - reduksjon av utslepp, betre utnytting av næringsstoffa og reduserte kostnader.

For miljøprogrammet førte den store interessa til at satsane måtte justerast relativt mykje ned for tiltaket Spreiing i vår/vekstsesongen og Bruk av tilførselsslangar.

Møre og Romsdal har ei tilskotsramme på 18,3 mill kroner til utbetaling i 2014. Førebelse satsar vart fastsett under planlegginga av søknadsomgangen, men dei endelege satsane vart fastlagt når alle søknadene var godkjende av kommunen. Satsane måtte tilpassast tal dyr og areal i søknadene om tilskot, som kom inn i august 2013.

Regionalt miljøprogram var gjennom hovedrevisjon i 2013, og det skjedde då ei dreiing i prioriteringane frå estetiske verdiar, som attgroing o.l, mot meir fokus på miljøvennleg handtering av husdyrgjødsel. 2013 var første året i ein ny periode med nye tiltak i miljøprogrammet. Derfor var det ekstra vanskeleg å fastsette korrekt nivå på dei førebelse satsane.

Kontaktpersonar

Aktuelt

1320 søknader godkjent

53 søknader frå beitelag