Viktig å bygge merkevare

Noreg bør bygge merkevare basert på det som alt er kjent. Vi må levere på berekraft, og lokal mat og drikke er ein alt viktigare del av reiseopplevinga for fleire og fleire.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 31.01.2017

I høve 30 års jubileum for Grüne Woche vart det arrangert eit regionmøte, der representantar frå produsentar, styremakter og politikarar vart inviterte til fagleg program om koplinga mellom reiseliv og lokalmat. Møtet var ved den norske ambassaden i Berlin. Fjordfylka sende til saman 25 deltakarar.

Fjord – eit kjent begrep

Leiar for divisjon Merkevaren Norge i Innovasjon Norge, Cathrine Pia Lund, snakka om korleis vi kan bygge Noreg som merkevare. Ho understreka at vi må bruke det som alt er kjent i marknadsføringa i Noreg.  Undersøkingane hennar viste var  Fjord er det flest utlendingar knyter til merkevaren Noreg. Ei undersøking i 75 marknader viste eit assosiasjonskart at Fjord er ein av dei sterkaste assosiasjonane. Det bør fjordfylka merke seg i sitt vidare arbeid.

Cathrine Pia Lund understreka og at ein må løfte Norge som felles merkevare. Interne stidigheiter må leggast bort. Vi må først bygge merkevaren Norge, der etter differensiere.

Ho fortalde om England, der statsministeren får månadlege omdømmerapporter på merkevaren Great Britain. Andre døme ho la fram var Sveits, der dei kan få høgare pris, berre fordi produktet er «Swiss Made»

Berekraft

Vi er også kjende for aktsemd i utvinning av naturressursar. I innlegget understreka Cathrine Pia Lund at verda er einige om å satse på berekraft og klima. Vi må levere på desse kriteria.

Lokale matopplevingar

Cathrine Pia Lund trekte også fram Tingvollost som ein typisk norsk suksess. Tingvollost har klart å lage ein ost, som har blitt kåra til verdas beste. Og det har skjedd på ein plass med 3000 menneske, elles som ho sa - Ein plass der ingen skulle tru at nokon kunne bu.

I perioden 2012 - 2016 har det vore signifikant auke i interessa for gode matopplevingar blant turistane. For 48% av turistane betyr lokal mat og drikke mykje når dei reiser. 600 000 reiser med mat som hovudmål, mens 20 millionar reisande seier at lokal mat er eit sekundært mål.

Ho viste blant anna ein ny reklamefilm for Noreg, der Vestlandsnaturen spela ein viktig rolle, men også produsentar som Ciderhuset i Balestrand.

Ny strategi for lokal mat og reiseliv

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale held også eit innlegg om moglegheita knytt til satsing på lokalmat. Han nytta Grüne Woche mellom anna til å leggje fram sin nye strategi for reiseliv og lokalmat:

"Opplevingar for ein kvar smak"

Fortsatt vekst og utvikling innan mat og reiseliv

Han framheva den enorme veksten lokalmat har i daglegvare, og at omsettinga no ligg på 4,8 milliardar kroner. Målet er 10 milliardar innan 2025.

  • Produkta våre er vanvitig gode. Eit døme på dette er at Fjord-Norge måtte halde att produkt,  for å ha nok heile veka. Dei selde for 37 000 kroner på ein dag. Og det er godt gjort med gourmet-tallerknar for 1-2 Euro per stk.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale og Olav Bleie

Landbruks- og matministeren meinte at vi må bli mykje flinkare å koble mat opp mot det landskapet vi er kjende for, og viste til Nærøyfjorden og Geiranger.

  • Grunnen til at her er noko å sjå, er at det har budd folk her, og produsert mat.

Landbruk- og matministeren framheva også at det er takka vere ein viss volumproduksjon vi kan satse på lokalmat.

Matarena – møte mellom sjømat og landbruk

Daglig leier av Matarena, Alexandra Krage Angell

Frå fjordfylkeregionen vart Bergen representert ved daglig leier av Matarena, Alexandra Krage Angell.

Materana er ein møteplass for sjømatnæringa og landbruket, og målet er mellom anna å finne overføringsverdiar mellom den eksportretta sjømatnæringa og  landbruket, som har vore flinkara til å spele på lokal identitet.

-          Vi har vilje til å få ting til saman, og det gjev nasjonale og internasjonale moglegheiter.

Alexandra Krage Angell viste mellom anna kva rolle kokkane i Bergen har spelt. Dei blir brukte aktivt i nettverket, for å halde kurs og løfte fram råvara.

Bergen vart i 2015 medlem i Unescos nettverk for «Creative cities of gastronomy».

Ein av grunnene til at Bergen vart med, er at byen ligg midt i matfatet.

Vi har dei naturgitte føresetnadene med fjorden, fjellet og havet rett utanfor. Det er ein lang tradisjon med fiskarbonden. No tek vi denne tradisjonen inn i framtida, og satsar på kompetanseutvikling og forsking. Vi har alt eit god forskingsmiljø på reiseliv og fisk.