Inspirasjonsdagar om matglede og helse for eldre

Grillfest ved omsorgssenteret i Vanylven i juni 2016.
Grillfest ved omsorgssenteret i Vanylven i juni 2016. (Foto: Kirsti Indreeide)

Landbruks- og matminister Bård Hoksrud og eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen inviterer til seks inspirasjonsdager om matglede og helse for eldre. I Møre og Romsdal skjer det i Spjelkavik i Ålesund 16. oktober.

Vil ha flere gode måltider og redusere underernæring

– God mat er grunnleggande for god helse og livskvalitet gjennom heile livet. No arrangerer dei to departementa seks inspirasjonsdagar. Målet er å bidra til fleire gode måltid på sjukeheimar, redusere underernæring hos eldre og gi dei som arbeider i eldreomsorga fagleg påfyll, seier landbruks- og matminister Bård Hoksrud.

– Gode måltid er av dei viktigaste hendingane i mange eldre sin kvardag. Det skaper trivsel og førebygger sjukdom. Små grep, som å flytte middagen til seinare på dagen eller å lage ei hyggeleg sosial ramme rundt måltidet, kan ha stor effekt på matgleda. No håpar eg kommunene lar seg inspirere av dei mange gode eksempla, seier eldre- folkehelseminister Åse Michaelsen.

Inspirasjon for tilsette i eldreomsorga

Inspirasjonsdagane er for dei som arbeider med mat og pleie i eldreomsorga, både i institusjon og heimeteneste, og for dei som inspirerer kommuneadministrasjonen til å forstå sammenhengar mellom innkjøp av mat, kosthold og matglede.

Bli inspirert i Spjelkavik i Ålesund 16. oktober

Møre og Romsdal får eit av dei 6 inspirasjonsdagane. Arrangementet blir gjennomført i samarbeid med Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Borgund vidaregåande skole 16. oktober klokka 10:30 - 16:30. Du finn meir informasjon om arrangementet, program og påmelding i linken "Regjeringa sin invitasjon, program og påmelding."

Meld deg på innan 10. oktober, ved å sende epost til GM-alesund@lmd.dep.no

I vedlagde link om Borgund vidaregåande skole finn du meir om skolen og adressa dit.

Matnasjonen Noreg

Regjeringa arbeider med å synleggjere, samle og spisse innsatsen knytt til mat og måltid generelt. Meir matglede og måltidsglede for eldre og inngår i dette.

Gode eksempel i fylket vårt

Både i 2015 og 2016 markerte institusjonar frå vårt fylke seg godt i Gylne måltidsøyeblikk. Vanylven var ein av fem i den nasjonale finalen i 2016, og Herøy vart kåra til best i fylket i 2015. Vedlagt her kan du lese meir om kva vi har skrive om temaet tidlegare.