Vanylven i finalen - Gylne måltidsøyeblikk

Vanylven helse- og omsorgssenter er ein av fem deltakarar i finalen i Gylne måltidsøyeblikk 2016.  

Kommunalsjef Arnhild Nordaune vart still ei god stund, då eg fortalde om plasseringe i telefonsamtale mandag ettermiddag. Først trudde ho nesten ikkje på nyheita. Når det endeleg gjekk opp for henne at det var slik, vart ho strålande glad. Stor var overraskinga, og ho lurte på kor mange frå Møre og Romsdal som var med. Nei, sa eg - det er berre Vanylven - og så fire til frå andre stader i landet. 

Arnhild Nordaune fortalde at dei gledde seg veldig til resten av konkurransen. «Med trivsel og glede vi nyter den gode maten på Vanylven helse- og omsorgssenter. Her (bildet) fra grillfesten den 14. juni i år.»

Dei fem finalistane i 2016 er:

  • Vanylven helse- og omsorgssenter, Møre og Romsdal
  • Økernhjemmet, Oslo
  • Sundheim Bo- og treningssenter, Vinstra, Oppland
  • Gloppen omsorgssenter, Sogn og Fjordane
  • Løten Helsetun, Hedmark 

Gylne Måltidsøyeblikk kom i stand i 2015. Det var dåverande Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug som inviterte kommunane til ein konkurranse om matglede for eldre. Målsettinga var at måltid for eldre på institusjonar skal tilpassast, slik at dei gir matglede og matlyst. Gjennom satsinga "Gylne måltidsøyeblikk" vart alle sjuke- og aldersinstitusjonar i landet inviterte til å delta i ein konkurranse for å løfte fram dei hyggelege måltidsstundene. Konkurransen er eit ledd i regjeringa sitt arbeid med å betre matomsorga på alle norske sjuke- og aldersheimar.

Føl lenkja til Landbruks- og matdepartementet på høgre sida, og les meir om kunngjeringa av finalistane.

Tekst: Arnold Hoddevik