Sundheim bo- og treningssenter nasjonal vinnar av Gylne Måltidsøyeblikk 2016

Mat og måltidsglede gir god trivsel og god helse. På Sundheim har dei nettopp det – matglede. Sundheim er et godt eksempel for andre – dei viser korleis matglede vert skapt i praksis, til glede for både bebuarar og nærmiljøet.

LLandbruks- og matdepartementet (LMD) og Forbrukerrådet overrekkjer diplom og vinnarpremien på Sundheim bo- og treningssenter, som ligg på Vinstra i Gudbrandsdalen. Festmeny for dagen er sjølvsagt tradisjonsretten "Kål".

Landbruks- og matdepartementet starta med konkurransen Gylne Måltidsøyeblikk i 2015. Konkurransen skal bidra til auka bevisstgjering omkring maten si betydning for trivsel og helse for hjelpetrengande eldre menneske. Over 200 institusjonar deltok i år i konkurransen, det er omtrent 50 fleire enn i fjor.

Ut i frå eit spørjeskjema om mellom anna mat og måltid, brukarmedverknad, pårørande sine høve til å ete saman med dei eldre, samt bruk av lokalmat, blei fem finalistar plukka ut. Disse var: Gloppen omsorgssenter i Sogn og Fjordane, Løten helsetun i Hedmark, Vanylven helse- og omsorgssenter i Møre og Romsdal, Økernhjemmet i Oslo , Sundheim bo- og treningssenter i Oppland.

Alle finalistane vart vitja av ei arbeidsgruppe med representantar frå Forbrukerrådet, Pårørandeaksjonen og Landbruks- og matdepartementet. Stadane vart filma og samtalar med både tilsette, spesielt kjøkkensjefane, og bebuarar gav grunnlaget for å kunne danne seg et totalinntrykk. Juryen fekk all informasjon om kvar stad før jurymøtet, og filmar frå alle stadane blei vist og kvar institusjon vart debattert.

Juryen var samansett av: Statsråd i LMD Jon-Georg Dale, statssekretær i HOD Fredrik Wang Gierløff, direktør Randi Flesland i Forbrukerrådet, kokk Inge Johnsen frå Liantunet, Birgitta Fyrand frå Pårørandeaksjonen og Bård Horsrud, Stortinget.

Juryen si grunngjeving var samrøystes:

"Sundheim er et godt sted å bo. Maten er velsmakende og vakkert tilberedt. Beboerne gir klart uttrykk for om maten faller i smak. De kommer med ønsker om retter og råvarer når kjøkkenets ansatte daglig er rundt på avdelingene noe som bidrar til stor glede og involvering i menyplanlegging i praksis.  Pårørende er velkomne til alle måltider. Kjøkkenet ser ut til å være institusjonens hjerte både for de som bor fast der, de som kommer fra omsorgsboligene rundt og de som bruker stedet som sin kantine. Kjøkkenet er en ressurs i lokalsamfunnet. Kjøkkensjef Espen Sætha er en ildsjel som har mange planer for hvordan kjøkkenet kan utvikles bl.a.  ved å levere mat til barnehage og skole. Ekstra inntekter kommer fra salg av mat til ulike arrangementer med spisegjester fra bygda. Kjøkkenet serverer jevnlig norsk tradisjonsmat fra egen region og ønsker i større grad å ta i bruk lokale råvarer ".

Landbruks- og matdepartementet ønsker at alle alders- og sjukeheimar i heile landet skal servere god og innbydande mat til sine bebuarar og i større grad legge vekt på matglede som ein viktig faktor til trivsel og helse og håper de let seg inspirere av det som vert gjort på Sundheim bo- og treningssenter i Oppland.

Vegen vidare for Gylne Måltidsøyeblikk

Det er planlagt ny konkurranse i 2017 med matombering til heimmebuande som tema.

LMD planlegg meir forpliktande samarbeid med ulike organisasjonar inkludert Forbrukerrådet og næringsaktørar for å få samla erfaringar frå de siste årenes mat/måltids tiltak retta mot tilsette og brukarar av aldersinstitusjonar. Alle kjøkkensjefane frå årets finale og fylkesvinnarane frå i fjor vert invitert med. Vi trur at pårørande i åra framover vil få større betydning i utvikling av mat og måltidsløysingar i alle offentlige institusjonar og vil invitere til samarbeid. Det ligger potensiale for verdiskapning for produsentar, men også for ulike kjøkken/matserveringsaktørar i å utvikle tilrettelagte produkt og rettar til grupperinger med særskilte kosthaldsbehov. LMD vil ha en rolle for å koble råvareprodusentar, industripartnarar, kokkar, brukarar og forskarar.