Stor interesse for Gylne måltidsøyeblikk 2016

Då påmeldingsfristen for Gylne Måltidsøyeblikk si konkurranse gikk ut 20. mai, var det heile 203 alders- og sjukeheimar som hadde meldt seg på. Dette vitnar om eit stor engasjement for temaet i år, som er brukar- og pårørandemedverknad, måltidsinnretning og lokalmat på menyen.

Forbrukarrådet skal no gå gjennom alle svara før ein nasjonal jury skal besøke dei 4-6 med best resultat. Årets vinnar av Gylne Måltidsøyeblikk blir kåra i september, og vil få 10 000 kroner i premie.

Det er 21 påmelde frå Møre og Romsdal. Berre Nordland og Hordaland har fleire deltakarar.