Filmar om Inn på tunet-tilbod

Faksimile frå Innpatunetmr.no
Faksimile frå Innpatunetmr.no

Inn på Tunet i Møre og Romsdal har laga ei rekkje kortfilmar om ulike tilbod av tenester, som Inn på Tunet kan tilby. Filmane gir ei særleg god beskriving av kva tilboda kan innehalde.

Fagdag i nettverket

Inn på Tunet i Møre og Romsdal var samla til fagdag i nettverket i Ålesund 25.11. 2019. Programmet hadde ei rekkje interessante tema, mellom anna om dynamikken i brukargrupper og om prissetting av tenester.

Arnold Hoddevik frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal opna samlinga. Frå Vindafjord fekk forsamlinga nyttige erfaringar om eit tilbud om rusomsorg, som har vore i drift sidan 2013.

Filmprosjekt

Ein interessant programpost var presentasjonen av fleire kortfilmar om Inn på Tunet-tenester i Møre og Romsdal. Filmane er utarbeidde i samarbeid med Nanseth Media. Av omsyn til brukarane er det brukt skodespelarar i rollene.

Desse filmane vart presenterte:

  • Garden som pedagogisk ressurs
  • Demensomsorg i Inn på Tunet Møre og Romsdal
  • Hesteassisterte intervensjonar i Inn på Tunet Møre og Romsdal
  • Rusomsorg
  • Språkopplæring for flyktningar - blir publisert snart.

Det er planlagt i alt 8 filmar, og dei siste kjem på rad. På ein fin, kortfatta og godt beskrivande måte illustrerer kvar enkelt film innhaldet i dei ulike tilboda.

Populære filmar

Filmane er ferske, men har blitt fanga opp av mange utanfor fylket, og mange har spurt om å få lov å bruke filmane til informasjon i sine område. Innovasjon Norge har bidratt i finasniseringa, så filmane kan brukast av alle til det føremålet dei er laga til. 

Du kan sjå filmane på innpatunetmr.no og på youtube.com. Solveig Haglund og Aina Kirkeland Tangen har hatt ansvaret for prosjektet i Inn på Tunet Møre og Romsdal.

Inn på Tunet Møre og Romsdal

Inn på Tunet Møre og Romsdal er en nettverksorganisasjon for Inn på Tunet-godkjende gardar i Møre og Romsdal. Våre gardar bidreg til utvikling og meistring for alle, frå liten til stor, med små eller store utfordringar.