Inn på tunet

Definisjon:

«Inn på tunet er tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tenestene skal gje mestring, utvikling og trivsel. Gardsbruk er ein eigedom som blir nytta til jord-, skog- eller hagebruk. Aktivitetane i tenestetilbodet er knytt til garden, livet og arbeidet der.»

 

Inn på tunet gjev menneska sin trong for aktivitet, læring og tilhøyre innhald gjennom å kombinere ressursane på garden og bonden sin fagkunnskap. «Inn på tunet» er registrert ordmerke!

Inn på tunet er kvalitetssikra tenester gjennom eige kvalitetssikringssystem, sjå www.matmerk.no. Spør inn på tunet-bonden etter godkjenning. Inn på tunet-bonden er vertskap og fagperson på landbruksfaget. Kjøpar kan vere kommunen, fylket, staten, private eller andre.

Inn på tunet gjev eit mangfald av tilbod for barn og vaksne. Det kan være tilbod om undervisning, barnehage, avlastning, arbeidstrening, osv.

Inn på tunet er ein del av bonden sitt arbeid på garden. Tilboda er knytt til opplærings-, helse- eller sosialsektor gjennom faste avtaler og fagleg rettleiing.

Du finn meir om Inn på tunet på nettadressene http://www.matmerk.no/matmerk,  www.regjeringen.no, www.innovasjonnorge.no og www.bondelaget.no.