Ein million til gründeraktivitetar

Innovasjonsfestival, gründerfrukost, nyskapingsdag? hoppid.no vil ha fleire gode gründerar og meir innovasjon, og gir støtte til gründerarrangement.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.04.2016

hoppid.no lyser no ut ein million kroner og inviterer hoppid.no-kommunar, landbrukskontor, kunnskapsparkar og næringshagar til å søke støtte til prosjekt som skal stimulere til gode forretningsidear og bedriftsetableringar. Tiltak må vere direkte retta mot gründerar, styrke samarbeidet mellom grunderar, næringsliv og hjelpeapparat og bidra til vekst og fleire nyetableringar.

hoppid.no er Møre og Romsdal fylkeskommune si satsing på entreprenørskap i samarbeid med kommunane, Innovasjon Norge og Fylkesmannen i Møre og Romsdal.