Bygdemobilisering

Vil du jobbe for ny giv i bygda di? Fylkesmannen ønskjer å støtte lag og organisasjonar, som vil jobbe med bygdemobilisering. Målet med bygdemobilisering er å utvikle livskraftige lokalsamfunn, der folk trivst og ungdom finn ei attraktiv framtid. Søknadsfristen for 2017 er 1. april.

Det kan gjevast støtte til samarbeid om entreprenørskaps-, tilflyttings- og trivselstiltak. Bygdemobiliseringa er eit samarbeid mellom fylkesmannen og hoppid.no. Entreprenørskap og næringsutvikling, basert på ressursar i bygda, skal ha høg fokus i bygdemobiliseringsprosjekta. Å jobbe for utvikling av lokalt næringsliv og bidra til at folk startar eigne bedrifter, skal vere eit sentralt mål. Hoppid.no har mange verkemiddel, som kan nyttast i det arbeidet.

Over 30 bygder har fått midlar sidan 2005. Erfaringane er at metodikken bygdemobilisering fungerer godt, og vekkjer lokalt engasjement. Gjennom desse dugnadsprosjekta får de mykje utvikling for lite pengar. Utfordringa med prosjekta kan vere å halde trykket oppe gjennom heile prosjektperioden, og unngå at eldsjelene vert utbrende. Prosjektet skal involvere heile lokalsamfunnet – alle skal inviterast.

I 2015 vart det gjeve støtte til fire prosjekt: Ålvundeid, Sekken, Flemsøy/Skuløy og Norddalen. Desse jobbar med mange ulike utviklingstiltak i bygdene sine. I lenkene til høgre kan du lese meir om aktiviteten til to av desse prosjekta. I 2016 var det ingen bygder som fekk støtte til bygdemobilisering.