Oppdatering av rettleiar

Rettleiaren Plan- og bygningsloven og landbruk pluss, utarbeidd i 2005, vil bli gjennomgått med sikte på oppdatering og synleggjering av dei høva kommunane har for offensiv planlegging og næringsutvikling.

Det vil bli laga ei særskild utgreiing om i kva grad det kan leggjast til rette for tilleggsnæringar, som t.d. parsellhagar, kolonihagar og andelslandbruk. Arbeidet vil bli gjort av Landbruks- og matdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Klima- og miljødepartementet.

Rettleiaren er planlagt utarbeidd i løpet av hausten 2016.

Kontaktpersonar