Lokal økologisk mat i fellesskap - andelslandbruk

Sunne og gode grønsaker
Sunne og gode grønsaker

Lokal økologisk mat i fellesskap kan bli ein realitet i Velledalen i Sykkylven. Velledalen andleslandbruk inviterer no til informasjonsmøte både i Velledalen og Ålesund, for å informere om moglegheitene for å etablere eit andelslag i Velledalen.

Andelslandbruk (CSA – Community Supported Agriculture) er ei form for direkte omsetning og dialog mellom gardar og forbrukarar.

Kjerna i ordninga er at forbrukaren kjøper andeler av garden sin produksjon, til dømes for eitt år om gongen, og deler dermed risikoen for årsvariasjonar i avlingane.

Som andelshavar i årsproduksjonen kan forbrukarane delta i planlegging av gardsdrifta.

Ein av fordelane for forbrukarane er høvet til å få produkt frå landbruket – inklusive skogen – som elles kan vere vanskeleg å få tak i.

I tillegg blir andelshavaren kjent med garden/gardane som produserer maten, og veit kva dei får.

Vedlagde pressemelding inneheld meir informasjon om saka, m.a. møtestad og tidspunkt for møta.