Besøk eit andelslandbruk i september

Har du lyst å dyrke din eigen mat, men du har ikkje jord?  Då kan andelslandbruk vere noko for deg. Besøk ein markdag i september, og lær meir.

To markdagar

18. og 19. september blir det arrangert to markdagar på Sunnmøre. Der kan du sjå korleis dei har på på andelslandbruk, snakke med vertskap og andelshavarar, og du kan lære meir om desse tema:

  • Andelslandbruk – kva er det? Litt om historie og ulike typer andelslandbruk. Dei tre hovedprinsippa i organisering av andelslandbruk.
  • Dyrking av bringebær. Vi ser på bringebæråker og diskuterer det vi ser. Vi snakkar om arbeid i bringebæråkeren gjennom året.
  • Grønnsaker, poteter og urter. Vi ser på det som er dyrka, og diskuterer mulegheiter og utfordringar. Denne delen vil vere styrt av de spørsmål som kjem opp.

Begge arrangementa startar med enkel matservering. Vi reknar med å holde på i 2-2,5 timar.

Her skjer det:

Søndag 18.september kl 17.00
Sted: Tandstad i Sykkylven, Adr.: Sykkylvsvegen 870, 6220 Straumgjerde

Mandag 19.september kl 18.00
Sted: Gjerdbakk på Dimnøya, Adr.: Gjerdsbakkvegen 63, 6065 Ulsteinvik

Om dei to andelslandbruka

Spiren andelslandbruk dyrkar poteter, grønnsaker, urter og bringebær på Tandstad. Dei har no to dyrkingssesongar bak seg på Tandstad, men har tre sesongar erfaring. Spiren andelslandbruk har samvirkeforetak som selskapsform.

Gjerdsbakkane andelslandbruk start opp i år, og har dyrka poteter og mange forskjellige slags grønnsaker. På same garden blir det dyrka det urter og fleire slags bær, som vi også kan sjå på.  Selskapsforma er enkeltpersonføretak.

Arrangør for markdagen

Landbruk Nordvest arrangerer markdagane, og arrangementet er støtta av Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Spørsmål om arrangementene kan rettes til Maud Grøtta i Landbruk Nordvest, tlf 95847893.

Du er hjerteleg velkommen

Kontaktpersonar

Kontakt arrangøren

Maud Grøtta i Landbruk Nordvest,
tlf 95847893