Arena for andelslandbruk

Torsdag 10.11.2016 kl 18 - 21 blir det nettverksmøte om andelslandbruk på Alexandra Hotell  i Molde. Målet med møtet er å kunne skape eit framtidig nettverk for andelslandbruk i fylket.
Marte Guttulsrød frå Oikos – Økologisk Norge kjem for å halde innlegg om andelslandbruk som ein omsetningsmodell i vekst.
 
Andelslandbruk er ei form for omsetning av landbruksprodukt  direkte mellom garden og forbrukarane. Dette kan vere forbrukareigd eller bondeeigd. Organiseringa er regulert i avtalar og selskapsform.
Andelslandbruk er i sterk vekst i Norge, og i august var det registert 63 andelslandbruk. I følgje Oikos er det 5 oppstarta andelslandbruk i Møre og Romsdal, men like mange er i oppstartfasen.
 
Fylkesmannen har teke initiativet til å skape ein arena, for at desse skal kunne møtast, for å auka sin kompetanse om både organisering og agronomi. Norsøk, Norsk Landbruksrådgiving (Landbruk Nordvest), Bondelaget, Bonde- og småbrukarlaget og Gjermundnes Vidaregåande skule deltek med innlegg saman med gartnaren frå Spiren Andelslandbruk på Sunnmøre, som har erfaring på området gjennom drift i fleire år.