Verdsarv

Geirangerfjorden. Arkivfoto Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Geirangerfjorden. Arkivfoto Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Vestnorsk fjordlandskap, med Geirangerfjorden og Nærøyfjorden, ble innskriven på UNESCOs Verdsarvliste i 2005. Begge områda har betydelege verdiar knytt til jordbrukets kulturlandskap, og desse verdia vil i stor grad bli svekka dersom det aktive jordbruket avtek eller tek slutt.

Vestnorsk Fjordlandskap har sidan 2008 fått årlege tildelingar over Landbrukets utviklingsfond (LUF) til ei eiga satsing i verdsarvområda. Bakgrunnen er at jordbruket og jordbrukets kulturlandskap utgjer ein viktig del av verdiane i områda. Midla skal nyttast i samsvar med forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap (FOR-2016-08-10-966), og Tiltaksplan for kulturlandskapet i verdsarvområda Vestnorsk Fjordlandskap og Vegaøyan. Tiltaksplan legg til grunn fire typar økonomiske verkemiddel; arealbidrag, beitebidrag, kulturbidrag og investeringsbidrag.

Det er viktig at LUF - midla blir sett i samanheng med andre midlar som understøtta måla om eit levande kulturlandskap i verdsarvområda, til dømes tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL) og Regionale miljøtilskot (RMP). Dei skal og bli sett i samanheng med andre tiltak innafor verdsarvområda, som verkemidlar frå Klima – og Miljøverndepartementets, Riksantikvarens og Kommunal- og Moderniseringsdepartementets budsjett.

 


10.09.2019

Søk om tilskot til tiltak i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap - Geirangerfjorden 2019

Søk om tilskot til tiltak i verdsarvområdet. Søknadsfristen er 15. oktober 2019.