Søk om tilskot til tiltak i det utvalde kulturlandskapet Alnes

Alnes sett frå Alneslia Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Alnes sett frå Alneslia Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Personar eller verksemder som bidreg til å fremje føremålet med ordninga Utvalde kulturlandskap i jordbruket, kan no søkje om tilskot til tiltak som skal gjennomførast på Alnes. Søknadsfristen er 2. juni 2019.

Føremålet
Føremålet med tilskot til tiltak i Utvalde kulturlandskap er å medverke til å sikre verdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, kulturminne og kulturmiljø, og å sikre langsiktig skjøtsel og drift. jf. § 1 i forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap. Satsinga på Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei oppfølging av nasjonale mål om å ta vare på kulturlandskapet.

Kven kan søke?
Målgruppa for ordninga er personar eller verksemder som bidreg til å fremje føremålet med ordninga. Dette kan til dømes vere grunneigarar, landbruksføretak, lokale entreprenørar/gründerar, organisasjonar, foreiningar med fleire. Dersom søkjar ikkje er grunneigar, må det ligge føre løyve frå grunneigar og eventuelt andre rettshavarar for å gjennomføre tiltak.

Kva kan du søkje om tilskot til?
Du kan søkje om tilskot til tiltak som fremjar føremålet med ordninga. Dette kan til dømes vere restaurering og skjøtsel av areal, Istandsetjing og vedlikehald av bygningar og andre kulturminne, planlegging av tiltak, tilrettelegging for ferdsel, formidlingstiltak eller andre tiltak som fremjar føremålet med ordninga.

Tiltaka må også vere i samsvar med gjeldande planar for området

Korleis søkjer du?
Søknad sender du på eige skjema. Du finn søknadsskjema i høgre margen på denne sida.

Søknadsfristen er 2. juni 2019

Søknaden sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal: fmmrpostmottak@fylkesmannen.no eller Julsundveien 9, Postboks 2520, 6404 Molde

Det er viktig at du les godt gjennom retningslinene og rettleiinga til søknadsskjema. Her finn du mellom anna eksempel på korleis du skal fylle ut søknadsskjema, og korleis du skal rapportere etter at tiltaka er gjennomført. Du finn retningslinene og rettleiinga i høgre margen på denne sida.

Kontakt for meir informasjon eller spørsmål:

Fylkesmannen i Møre og Romsdal v/ Ragnhild Naug Aas, tlf.: 71 25 85 19, e-post: fmmrraaa@fylkesmannen.no