Invitasjon - Søk om tilskot til tiltak i utvalde kulturlandskap, Hjørundfjorden og Norangsdalen

Kulturlandskap frå Finnes i Hjørundfjorden.
Kulturlandskap frå Finnes i Hjørundfjorden. (Foto: Arnold Hoddevik, Fylkesmannen i Møre og Romsdal)

Personar eller verksemder som bidreg til å fremje føremålet med ordninga utvalde kulturlandskap i jordbruket, kan no søkje om tilskot til tiltak som skal gjennomførast i Hjørundfjorden og Norangsdalen . Søknadsfristen er 15. oktober 2019.

Føremålet

Føremålet med tilskot til tiltak i Utvalde kulturlandskap er å medverke til å sikre verdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, kulturminne og kulturmiljø, og å sikre langsiktig skjøtsel og drift. Satsinga på Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei oppfølging av nasjonale mål om å ta vare på kulturlandskapet.

I 2019 har det utvalde kulturlandskapet Hjørundfjorden og Norangsdalen fått tildelt 900 000,- kroner.

Kven kan søkje?

Målgruppa for ordninga er personar eller verksemder som bidreg til å fremje føremålet med ordninga. Dette kan til dømes vere grunneigarar, drivarar, landbruksføretak, lokale entreprenørar/gründarar, organisasjonar, foreiningar med fleire. Dersom søkjar ikkje er grunneigar, må det ligge føre løyve frå grunneigar og eventuelt andre rettshavarar for å gjennomføre tiltak.

Verkeområdet

Ordninga gjeld innanfor det det Utvalde kulturlandskapet Hjørundfjorden og Norangsdalen slik det er avgrensa i Naturbase. Gå inn på https://kart.naturbase.no/, og vel kartlaget som heiter «Kulturlandskap»

Kva kan du søkje om tilskot til?

Du kan søkje om tilskot til tiltak som fremjar føremålet med ordninga. Dette kan til dømes vere:

  • Skjøtsel og tilbakeføring/restaurering av areal
  • Istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av bygningar og andre kulturminne
  • Planlegging av tiltak/prosjekt
  • Formidling- og informasjonstiltak
  • Gjennomføring av arrangement, kurs, fagdag eller liknande
  • Andre tiltak som fremjar føremålet med ordninga

Korleis søkjer du?

For 2019 er det laga to ulike søknadsskjema:

  • Eitt for søknad om tilskot til årleg skjøtselstiltak og eingongstiltak skjøtsel (tilbakeføring av areal).
  • Eitt for alle andre kulturlandskapstiltak/prosjekt.

Begge søknadsskjemaa finn du i høgre margen på denne sida.

Det er viktig at du les godt gjennom dei lokale retningslinene og rettleiinga til søknadsskjema. Her finn du mellom anna informasjon om årets prioriteringar, tilskotssatsar og eksempel på korleis du skal fylle ut søknadsskjemaa. Lokale retningsliner og rettleiinga finn du i høgre margen på denne sida.

Du sender søknaden til Ørsta kommune: Dalevegen 6, 6153 Ørsta eller som e-post til postmottak@orsta.kommune.no

Søknadsfristen er  15. oktober 2019.

Ei oppmoding til alle søkjarar

Det er vedteken at ansvaret for forvaltninga av tilskot til verdsarvområda skal overførast til kommunane frå og med 01.01.2020. I haust blir det utarbeidd ein ny forvaltningsmodell for satsinga, der kommunar og regional forvaltning vil få tildelt nye roller og ansvar. Frå og med neste år vil det og innførast ein ny digital løysing for søknader- og saksbehandling.

På bakgrunn av dette har Fylkesmannen kortare tid til å behandle søknadene no i haust. Vi vil difor oppfordre alle til å sende inn søknad i god tid før søknadsfristen, slik at vi kan handsame søknadar fortlaupande.

Meir informasjon om overføringa av ordninga til kommunane finn du her: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-og-okologisk/kulturlandskap/utvalgte-kulturlandskap/_attachment/73562?_ts=16934a42330

Kontakt for meir informasjon eller spørsmål

Liv Bente Viddal, Ørsta kommune. Tlf. 907 04 008. E-post: liv-bente.viddal@orsta.kommune.no

Ragnhild Naug Aas, Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Tlf.  71 25 85 19. E-post: fmmrraaa@fylkesmannen.no

For meir informasjon om UKL-ordninga

Fylkesmannen si heimeside: https://www.fylkesmannen.no/More-og-Romsdal/Landbruk-og-mat/Miljotiltak/Utvalde-kulturlandskap/

Landbruksdirektoratet si heimeside: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-og-okologisk/kulturlandskap/utvalgte-kulturlandskap