Invitasjon - søk om tilskot til tiltak i utvalde kulturlandskap, Fjellgardane i Øvre Sunndal

Svøu. Arkivfoto Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Svøu. Arkivfoto Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Personar eller verksemder som bidreg til å fremje føremålet med ordninga utvalde kulturlandskap kan no søkje om tilskot til tiltak som skal gjennomførast i Øvre Sunndal . Søknadsfristen er 15. oktober 2019.

Føremålet

Føremålet med tilskot til tiltak i Utvalde kulturlandskap er å medverke til å sikre verdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, kulturminne og kulturmiljø, og å sikre langsiktig skjøtsel og drift. jf. § 1 i forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap. Satsinga på Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei oppfølging av nasjonale mål om å ta vare på kulturlandskapet.

Kven kan søke?

Målgruppa for ordninga er personar eller verksemder som bidreg til å fremje føremålet med ordninga. Dette kan til dømes vere landbruksføretak, grunneigarar, drivarar, organisasjonar, foreiningar med fleire. Dersom søkjar ikkje er grunneigar, må det ligge føre løyve frå grunneigar og eventuelt andre rettshavarar for å gjennomføre tiltak

Kva kan du søkje om tilskot til?

Du kan søkje om tilskot til tiltak som fremjar føremålet med ordninga. Dette kan vere:

  • Restaurering og skjøtsel av areal. Dette er eit prioritert tiltak for å sikre det biologiske mangfaldet, og for å ta vare på kulturlandskapet.
  • Istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av bygningar og andre kulturminne.
  • Planlegging av tiltak.
  • Tilrettelegging for ferdsel og formidling.
  • Andre tiltak som fremjar føremålet med ordninga.

Tiltaka må også vere i samsvar med gjeldande planar for området

Korleis søkjer du?

Det er to ulike søknadsskjema:

  • Eitt for arealtilskot og beitedyrtilskot
  • Eitt for andre kulturlandskapstiltak

Begge søknadsskjemaa finn du i høgre margen på denne sida.

Søknadsfristen er 15. oktober 2019

Du sender til Sunndal kommune: Romsdalsvegen 2, postboks 94, 6601 Sunndalsøra eller e-post: post@sunndal.kommune.no

Det er viktig at du les godt gjennom retningslinene og rettleiinga til søknadsskjema. Her finn du mellom anna eksempel på korleis du skal fylle ut søknadsskjema, og korleis du skal rapportere etter at tiltaka er gjennomført. Du finn retningslinene og rettleiinga i høgre margen på denne sida.

Ei oppmoding til alle søkjarar

Det er vedteken at ansvaret for forvaltninga av tilskot til verdsarvområda skal overførast til kommunane frå og med 01.01.2020. I haust blir det utarbeidd ein ny forvaltningsmodell for satsinga, der kommunar og regional forvaltning vil få tildelt nye roller og ansvar.

På bakgrunn av dette har Fylkesmannen kortare tid til å behandle søknadene no i haust. Vi vil difor oppfordre alle til å sende inn søknad i god tid før søknadsfristen, slik at vi kan handsame søknadar fortlaupande.

Meir informasjon om overføringa av ordninga til kommunane finn du her: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-og-okologisk/kulturlandskap/utvalgte-kulturlandskap/_attachment/73562?_ts=16934a42330

Kontakt for informasjon eller spørsmål:

  • Ragnhild Naug Aas v/ Fylkesmannen i Møre og Romsdal,

Tlf: 71 25 85 19 og e-post: fmmrraaa@fylkesmannen.no

  • Marit Hjellmo, Sunndal kommune, Landbrukskontoret,

Tlf: 90 10 14 49 og e-post: marit.hjellmo@sunndal.kommune.no