Invitasjon - søk om tilskot til tiltak i utvald kulturlandskap, Fjellgardane og seterdalane i Øvre Sunndal

Seter med beitande storfe i Øvre sunndal
Seter med beitande storfe i Øvre sunndal (Foto: Byrge Fitje)

Personar eller verksemder som bidreg til å fremje føremålet med ordninga Utvalde kulturlandskap i jordbruket, kan no søkje om tilskot til tiltak som skal gjennomførast i Øvre Sunndal . Søknadsfristen er 20. oktober 2018.

Føremålet

Føremålet med tilskot til tiltak i Utvalde kulturlandskap er å medverke til å sikre verdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, kulturminne og kulturmiljø, og å sikre langsiktig skjøtsel og drift. jf. § 1 i forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap. Satsinga på Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei oppfølging av nasjonale mål om å ta vare på kulturlandskapet.

Kven kan søke?

Målgruppa for ordninga er personar eller verksemder som bidreg til å fremje føremålet med ordninga. Dette kan til dømes vere grunneigarar, landbruksføretak, lokale entreprenørar/gründarar, organisasjonar, foreiningar med fleire. Dersom søkjar ikkje er grunneigar, må det ligge føre løyve frå grunneigar og eventuelt andre rettshavarar for å gjennomføre tiltak.

Kva kan du søkje om tilskot til?

Du kan søkje om tilskot til tiltak som fremjar føremålet med ordninga. Dette kan vere:

Restaurering og skjøtsel av areal. Dette er eit prioritert tiltak for å sikre det biologiske mangfaldet, og for å ta vare på kulturlandskapetIstandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av bygningar og andre kulturminnePlanlegging av tiltakTilrettelegging for ferdsel og formidlingAndre tiltak som fremjar føremålet med ordninga

Tiltaka må også vere i samsvar med gjeldande planar for området

Korleis søkjer du?

Søknad sender du på eige skjema. Du finn søknadsskjema i høgre margen på denne sida.

Søknadsfristen er 20. oktober 2018

Søknaden skal sendast til Sunndal kommune: Romsdalsvegen 2, postboks 94, 6601 Sunndalsøra eller e-post: post@sunndal.kommune.no

Det er viktig at du les godt gjennom retningslinene og rettleiinga til søknadsskjema. Her finn du mellom anna eksempel på korleis du skal fylle ut søknadsskjema, og korleis du skal rapportere etter at tiltaka er gjennomført. Du finn retningslinene og rettleiinga i høgre margen på denne sida.

Kontakt for meir informasjon eller spørsmål:

Fylkesmannen i Møre og Romsdal v/ Ragnhild Naug Aas, tlf.: 71 25 85 19, e-post: fmmrraaa@fylkesmannen.no
Marit Hjellmo, Sunndal kommune, Landbrukskontoret,
Tlf: 90 10 14 49 og e-post: marit.hjellmo@sunndal.kommune.no

Lenke til informasjon om tilskotsordninga:
Landbruksdirektoratet: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-og-okologisk/kulturlandskap/utvalgte-kulturlandskap

Forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2016-08-10-966