Nye utvalde kulturlandskap

Satsinga på utvalde kulturlandskap har vore svært vellukka, og Regjeringa ønsker no å utvide denne satsinga til å omfatte fleire geografiske område. Møre og Romsdal har fått i oppdrag å legge fram forslag på 2-3 nye område i fylket, som kan inkluderast i utvalde kulturlandskap.

Landbruksavdelinga og miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen og Kulturavdelinga i fylkeskommu­nen samarbeider om å finne fram til gode kandidatar, som fyller alle kriteria på best mogleg måte.

I arbeidet med å finne fram til nye kandidatar, blir det nytta tidlegare kartleggingar av verdifulle landskapsområde, der det både er aktivt landbruk, store verdiar knytt til naturmangfald og store kulturhistoriske verdiar.

- For at ei satsing skal bli vellukka er det også avgjerande at der er ønske og motivasjon i området, for at deira bygd skal bli prioritert som eit utvald kulturlandskap, seier landbruksdirektør Frank Madsøy. Status som utvald kulturlandskap kan vere med på å gje eit område eit nytt løft, og bidra til nye satsingar. Der ligg ingen krav eller restriksjonar i regelverket for utvalde kulturlandskap, og det er heilt frivillig om den enkelte vil delta i ordningane eller ikkje.

På grunn av stramme tidsrammer blir det ikkje sett i gang ein søknadsprosess i framkant av prioriteringsarbeidet. Det vil i staden bli lagt stor vekt på tidlegare registreringar, når vi skal finne fram til gode kandidatar.

- Det er likevel opning for å melde inn eit område til fylkesmannen eller fylkeskommunen, dersom nokon ønskjer å få dette vurdert som eit nytt utvald kulturlandskap, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen. For å rekke tidsfristane våre, bør vi få inn slike forslag innan utgangen av januar.