Utvalde kulturlandskap i jordbruket

Utvalgte kulturlandskap i Møre og Romsdal. Arkivfoto Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Utvalgte kulturlandskap i Møre og Romsdal. Arkivfoto Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Jordbrukslandskapet er skapt av menneske i samspel med naturen. Bygningar, steingardar, gravhaugar og ferdselsårer er bygde, og slåttenger, lyngheier, beitemarker og lauvingslier har blitt til gjennom bruk av areal gjennom lang tid. Heilskapen av gardstun og inn- og utmark i opne og varierte jordbrukslandskap er resultat av den samla aktiviteten. Desse verdiane kan berre takast vare på gjennom aktiv bruk, vedlikehald og skjøtsel.

Utvalde kulturlandskap i jordbruket
Utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL) er ei økonomisk satsing og ein arbeidsmåte for å ta vare på eit representativt utval av verdifulle norske jordbrukslandskap. Landbruksdirektoratet koordinerer arbeidet, i nært samarbeid med Miljødirektoratet og Riksantikvaren, og med regional landbruks-natur- og kulturminneforvaltning, kommunen, grunneigarar og landbruksføretak. På regionalt nivå er fylkesmannens landbruksavdeling koordinator for arbeidet. Frå og med 2020 skal kommunane overta oppgåva frå fylkesmannen.

Satsinga har som mål om å ta vare på variasjonen i jordbrukets kulturlandskap, og å ta vare på biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø. Grunnleggande for val av område er at dei i størst mogleg grad omfattar jordbrukslandskap med svært store biologiske - og kulturhistoriske verdiar. Det må også vere realistisk å få til langsiktig skjøtsel og drift i områda.

Utvalde kulturlandskap i Møre og Romsdal
Satsinga på utvalde kulturlandskap vart starta opp i 2009, og den gong vart 20 områder valt ut. I 2010 blei ordninga utvida med 2 område. I 2017 og 2018 blei ordninga ytterlegare utvida med heile 19 område.

I Møre og Romsdal har vi tre Utvalde kulturlandskap:

  • Fjellgardane i Øvre Sunndal (2009)
  • Alnes (2017)
  • Hjørundfjorden og Norangsdalen (2018).

13.09.2019

Invitasjon - Søk om tilskot til tiltak i utvalde kulturlandskap, Hjørundfjorden og Norangsdalen

Personar eller verksemder som bidreg til å fremje føremålet med ordninga utvalde kulturlandskap i jordbruket, kan no søkje om tilskot til tiltak som skal gjennomførast i Hjørundfjorden og Norangsdalen . Søknadsfristen er 15. oktober 2019.

10.09.2019

Invitasjon - søk om tilskot til tiltak i utvalde kulturlandskap, Fjellgardane i Øvre Sunndal

Personar eller verksemder som bidreg til å fremje føremålet med ordninga utvalde kulturlandskap kan no søkje om tilskot til tiltak som skal gjennomførast i Øvre Sunndal . Søknadsfristen er 15. oktober 2019.

09.07.2019

Søk om tilskot til tiltak i det utvalde kulturlandskapet Alnes - 2.gongs utlysing 2019

For 2019 har det utvalde kulturlandskapet Alnes fått tildelt kr 450 000,- i tilskotsmidlar. Første søknadsrunde hadde frist 2. juni 2019, og da fekk vi inn søknadar som svarar til kr 280 000,-. Det betyr at det er att kr 170 000,- på årets ramme. Dei resterande midla blir nå lyst ut på nytt. Fristen for å søkje er 12. august 2019.

21.09.2018

Invitasjon - søk om tilskot til tiltak i utvald kulturlandskap, Fjellgardane og seterdalane i Øvre Sunndal

Personar eller verksemder som bidreg til å fremje føremålet med ordninga Utvalde kulturlandskap i jordbruket, kan no søkje om tilskot til tiltak som skal gjennomførast i Øvre Sunndal . Søknadsfristen er 20. oktober 2018.

20.08.2018

Invitasjon - søk om tilskot til tiltak i utvald kulturlandskap, Norangsdalen - Hjørundfjorden

Personar eller verksemder som bidreg til å fremje føremålet med ordninga utvalde kulturlandskap kan no søkje om tilskot til tiltak som skal gjenomførast i Norangsdalen - Hjørundfjorden. Søknadsfristen er 15. september 2018.

20.03.2017

Alnes – det nye utvalde kulturlandskapet vårt

Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei oppfølging av nasjonale mål om å ivareta kulturlandskapet. Dette er eit samarbeid og eit spleiselag mellom landbruks- og miljøstyresmaktene.

17.01.2017

Nye utvalde kulturlandskap

Satsinga på utvalde kulturlandskap har vore svært vellukka, og Regjeringa ønsker no å utvide denne satsinga til å omfatte fleire geografiske område. Møre og Romsdal har fått i oppdrag å legge fram forslag på 2-3 nye område i fylket, som kan inkluderast i utvalde kulturlandskap.