Ta vare på fuglane i kulturlandskapet

Åkerrikse
Åkerrikse (Foto: Ingar Bringsvor)

Fleire fugleartar som hekkar i jordbrukslandskapet er i tilbakegang. Dette gjeld m.a. åkerrikse, storspove, vipe og grashoppesongar. Inngå avtale med Fylkesmannen om å utsette slåtten der fuglane hekkar, og søke om tilskot gjennom Regionalt miljøprogram (RMP). Då gjer du ein innsats for å ta vare på desse fugleartane. 

Fleire av dei vanlege fulgleartane i jordbrukslandskapet er i sterk tilbakegang. Tilbakegangen har fleire årsaker, men ein viktig grunn er at reir og ungar vert skadde av slåtten.

Gjennom regionalt miljøprogram (RMP) kan du som driv jordbruk få tilskot for å setje av areal der det er registrert at utrydningstruga fugleartar hekkar, slik at dette arealet ikkje blir slått før ungane har forlate området.

Åkerriksa er den mest kjende utrydningstrua fuglearten som hekkar på innmark i vårt område, men storspove, vipe og grashoppesongar er også trua, og kan kvalifisere for tilskot. Det er Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal som inngår avtale, avgjer kva fugleartar som kvalifiserer for vern, og kor mykje areal som må setjast av for at hekkeplassen skal ha tilstrekkeleg vern.

Vilkår for å få tilskot er:

  • Grunnvilkåra for tilskot gjenom Regionalt miljøprogram er oppfylt
  • Fuglearten, hekkeplassen, storleiken og forma på arealet skal vere registrert og godkjent av Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen for det aktuelle året
  • Det skal gjerast avtale med Miljøvernavdelinga om tiltaket i kvart enkelt tilfelle
  •  Arealet kan ikkje haustast før tidlegast 1. august

Vi oppmodar til at alle er på utkik og ser og lyttar etter fugl på markene rundt i fylket. Alle kan engasjere seg i dette. Bonden kan ta kontakt med kommunen, og andre kan kontakte bonden som driv areala, kommunen eller Fylkesmannen.

Det går også an å slå graset på ein viltvennleg måte, ved å hauste arealet nærast strandkant og utmark innafrå og utover. Då kan fugleungar rømme ut av det slåtte området. Dersom slåtten startar frå kanten og går mot midten av stykket, vert ungane oftast tekne av forhaustaren eller skiveslåmaskina.