Utbetaling av regionale miljøtilskot i 2020

Kyr på beite på Smøla
Kyr på beite på Smøla (Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal)

I mars 2020 vart det betalt ut ca. 21,5 mill. kroner i regionale miljøtilskot (RMP) til bønder i Møre og Romsdal. Dette gjaldt søknadsomgangen 2019.

Det regionale miljøprogrammet for Møre og Romsdal vart fornya for ein ny 4-årsperiode i 2019. Det gjeldande programmet er for perioden 2019-2022. Dei fleste av tiltaka i det førre miljøprogrammet er vidareført med små eller ingen endringar. Største enkeltordninga innanfor RMP her i fylket er tilskot til tidlegspreiing av husdyrgjødsel, med tilskot til slått av bratt areal som ein god nummer to.

Utbetalingane fordeler seg slik på dei ulike miljøtema: Kulturlandskap kr 7 809 531, biologisk mangfald kr 592 950, kulturminner og kulturmiljøer kr 2 520 167, avrenning til vatn kr 618 000, utslepp til luft kr 9 993 367. Bratt areal og slått av verdifulle kulturlandskap inngår i miljøtemaet kulturlandskap, beiting av kystlynghei inngår i miljøtemaet biologisk mangfald, setring inngår i miljøtemaet kulturminner og kulturmiljøer, spreiing av husdyrgjødsel i vår-/vekstsesong inngår saman med tilførselsslangar og nedfellingsutstyr i miljøtemaet utslepp til luft. I tillegg er det nokre tiltak som utgjer mindre beløp.

Heilt nytt miljøtema i fjor var avrenning til vatn. Der hadde vi tiltaka ingen jordarbeiding om hausten, grasdekt kantsone mot vassdrag og vedlikehald av fangdammar. Det første gjeld berre kornareal i nedslagsfelta til elvane Surna, Driva og Rauma, det andre gjeld åkerareal (ikkje berre korn) i dei same nedslagsfelta samt Smøla. Vedlikehald av fangdammar gjeld heile fylket.