Regionalt miljøprogram 2019

Kulturlandskap frå Skår i Hjørundfjorden.
Kulturlandskap frå Skår i Hjørundfjorden. (Foto: Arnold Hoddevik)

Det er snart tid for å søke om regionalt miljøtilskot (RMP). Søknadsfrist 15. oktober.

I år er miljøprogrammet blitt revidert. Nokre tiltak er nye, og nokre tiltak har fått små endringar. Dei fleste tiltaka i RMP for Møre og Romsdal er vidareført frå tidlegare.

 

Føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon og som kan søke om produksjonstilskot i jordbruket, kan søke RMP, dersom eit eller fleire av tiltaka i miljøprogrammet blir utført og vilkåra er oppfylte.

 

Søknadsfristen for RMP er 15. oktober, men det er allereie opent for å søke. For beitelag er søknadsfristen 1. november.