Nytt faghefte "Drenering - teori og praksis"

Fagheftet ”Drenering teori og praksis” skal gje eit grunnlag for å kunne stille dei rette spørsmåla for ein god og praktisk gjennomføring av dreneringstiltak i kystfylka frå Aust-Agder til Møre og Romsdal.

Bioforsk Vest Fureneset har hatt hovudansvar for arbeidet med fagheftet. Artiklane er skrivne av fagpersonar frå Bioforsk, landbruksrådgjeving, NILF, Fylkesmannen og private personar, som har vore engasjert i arbeidet med å spreia kunnskap om drenering. Artiklane i heftet har vore publisert i Bondevennen frå hausten 2012 til februar 2013.

SLF har støtta satsinga økonomisk gjennom klimamidlar. Fylkesmannens landbruksavdelingar i kystfylka frå Aust-Agder til Møre og Romsdal har òg bidrege økonomisk til gjennomføring.

Vi håpar heftet opnar for gode, faglege og friske meningsutvekslingar, og at det kan gi oppdatert og betre kunnskap om drenering.