Tidlegare mottakarar av kulturlandskapsprisen i Møre og Romsdal

Kollasje over nokre tidlegare vinnarar av Kulturlandskapsprisen i Møre og Romsdal
Kollasje over nokre tidlegare vinnarar av Kulturlandskapsprisen i Møre og Romsdal

Oversikt over dei som har fått Kulturlandskapsprisen for Møre og Romsdal 2001- 2017

2001 - Familien Opdøl, Sunndal

Garden Opdøl ligger på Opdølstranda i Sunndal kommune. Drifta på garden er basert sau og storfe, med setring og beiting i Innderdalen. Familien Opdøl opprettheld- og vidareutviklar den lange tradisjonen med utnytting av beiteressursane på bruket, mellom anna gjennom istandsetjing og bruk av tidlegare beiteområde. Dette har også positive ringverknader med omsyn til biologisk mangfald og å oppretthalde eit ope og velstelt kulturlandskap. Innerdalen har seinare også fått stor betydning for turisme, både lokalt og nasjonalt.

 

2002 - Svartrøsta og Bøstølen grunneigarlag, Rauma

Svartrøsta og Bøstølen grunneigarlaget har gjennom mange år lagt ned eit viktig arbeid for å ta vare på- og vidareutvikle dei tradisjonell verdiane knytt til setrane på Innfjordsfjellet. I eit områdetiltaksprosjekt er kulturhistoriske, biologiske og estetiske verdiar som ligg i kulturlandskapet, og som er knytt til den tradisjonelle bruken av ressursane på Innfjordsfjellet, gjort synleg. Formidling av kunnskap og tradisjonar gjennom aktivitet i seterområda har fokus, og denne kunnskapsformidlinga kjem både lokale og tilreisande til gode.

 

2003 - Bodil og Tor Lie, Stranda

Bodil og To driv garden Lie ligg ved innløpet av Sunnylvsfjorden, i Stranda kommune. Bruket har ei moderne landbruksdrift med geitemjølkproduksjon og sau. Garden er ein av dei få hyllegardane som er i drift i Storfjordsystemet, og det er lett å sjå det levande kulturlandskapet frå Sunnylvsfjorden og frå Liabygda. Velhaldne bygningar, eit mangfaldig dyrehald og aktiv bruk av innmark- og utmarksressursar utgjer ein heilskap på Lie. Utnyttinga av ressursane på dette bruket skaper eit særmerkt kulturlandskapsbilete, samstundes som det dannar det økonomiske grunnlaget på bruket.

 

2004 - Fjørtoft og Harøy Bondelag, Uksnøya Villsaulag og Fjørtoft Beitelag, Haram

Fjørtoft og Harøy Bondelag, Uksnøya Villsaulag og Fjørtoft Beitelag driv med restaurering av det verdfulle kulturlandskapet på Uksnøya og Fjørtoft ved hjelp av utegangarsau. Aktivitetane er å betrakte som pionerarbeid med utegangarsau, med fokus på grågåsproblematikken,  ivaretaking av kulturlandskapet og biologisk mangfald og lokal foredling av kjøtet frå utegangarsauen. Det gode samarbeidet med kommunane, forskingsinstitusjonar, fylket og distriktsveterinæren og vert spesielt framheva. 

 

2005 -  Dravlausstølen og Drotninghaugstølen, Sykkylven

Dravlausstølen og Drotninghaugstølen ligg i Ladalen i Sykkylven kommune. Dette er dei einaste stølane mellom Sykkylven og Stranda som har aktiv drift i dag. Dei to støla ligg i eit område prega av «urban» aktivitet med hytteutbygging og alpinanlegg, og området vert mykje nytta både lokalbefolkninga og tilreisande. Begge stølane driv økologisk kumjølkproduksjon. I det daglege er stølane opne for at folk kan koma inn og få eit innblikk i kva stølsdrifta går ut på. Drift, lokalisering og haldningar opnar for innsyn, oppleving og læring.

 

2006 - Reidun Bjorland Rødset og Lars Rødset, Sunndal

Garden ligg i jordbruksbygda Ålvundeid, som er vakkert plassert mellom Sunndalsfjorden og Ålvundfjorden. Drifta på garden er basert på mjølkeproduksjon, men også noko skogsdrift. Reidun og Lars har gjort ein stor innsats i kulturlandskapet, både med tanke på restaurering av bygningar, skjøtsel av landskap og tilrettelegging for ålmenta. Delar av bygningane blir leigd ut for overnatting og i samband med konfirmasjonar og bryllaup.

 

2007 - Ann Iren Rong Torheim og Anders Torheim, Fræna

Garden ligg i Malmefjorden i Fræna kommune, og drifta på garden er basert på produksjon av mjølk og kjøt. Brukarparet syner stort hjarterom og gir lokale lag og organisasjonar høve til å drive aktivitetar på garden.  Dei har og lagt ned mykje arbeid i å legge til rette for at ålmenta skal få oppleve kulturlandskapskvalitetar gjennom friluftsliv og rekreasjon.

 

2008 - Marit Kvam og Arnfinn Lislien, Rauma

Garden Brulia ligg i Øverdalen øvst i Romsdalen. Drifta på garden er basert på mjølkeproduksjon, sau og geit. Kvart år flyttar folk og fe til seters, der mjølka blir vidareforedla til matvarer med høg kvalitet, særpreg og eigenverdi. Både på garden og setra held dei oppe tradisjonane og kunnskapen om gamle driftsmåtar -  i eit svært bratt og tungdrive landskap. Marit og Arnfinn er også aktive i lag som har med bygda og næringa å gjere.

 

2009 - Lingebygda v/Linge grunneigarlag, Norddal

Lingebygda er verdas nordlegaste område som driv kommersiell fruktdyrking. Dei leverer frukt og bær av svært høg kvalitet, dette på grunn av flinke produsentar, mange soltimar og godt jordsmonn. Om våren kan du oppleve ei fantastisk fruktblomstring i velstelte hagar, og på rette tida i sesongen kan du få kjøpt morellar, plomme, pærer og eple av beste kvalitet. Linge grunneigarlag har i lang tid gjort ein stor innsats for kulturlandskapet, for bygda og for landbruket. 

 

2010 - Pål Svisdal, Sunndal

Pål driv garden Nedstu -  og tre nabobruk -  i Svisdalen i Øvre Sunndal. Drifta er basert på mjølkeproduksjon og sau. I tillegg til drifta i Svisdalen, har prisvinnaren i alle år hatt mjølkekyr på Gammelsetra i Grudalen- og såleis medverka til å halde den tradisjonelle seterdrifta i gang. Dei gardane Pål driv, inneheld svært store kulturverdiar i form av biologisk mangfald, gamle bygningar og landskap. Her er opne dører, og Pål tek ofte imot folk som får en orientering om biologi mangfald, bygningar og landskap. Garden ligg også innafor det utvalde kulturlandskapet «Fjellgardane og seterdalane i Øvre Sunndal».

 

2011 -  Aina og Olav Krakset, Vanylven

Garden ligg på Sandvik på Hakallestranda i Åram. Da garden blei kjøpt hadde den vore fråflytta i mange år, og det var difor eit stort behov for restaurering av bygningar, tun og jordbruksareal.  Dette arbeidet ble satt i gang, og det blei starta opp med husdyrproduksjon. I 2006 starta Aina og Olav med utvikle bruket til ein opplevingsgard, med ulike dyreslag, aktivitetar og kafé. Garden er mykje besøkt av lokale, men også frå tilreisande og turistar. Prisvinnarane har lagt vekt på å utnytte ressursane på bruket, og er eit positivt innslag i å snu trenden med fråflytting i området.

 

2012 - Kristen Stokkeland, Vestnes

Vestnesgarden ligg vakkert til i sentrum av Vestnes kommune. Kristen tok formelt over garden , og har sidan gjort store investeringar i samband med fleire omleggingar av drifta.  I dag drives  det med mjølkeproduksjon og kjøtfe, og bruket har moderne bygningar og eit godt driftsapparat. Dyra beiter i storstilt skala omkring garden, noko som held landskapet ope og gagnar det biologiske mangfaldet på fleire vis. I tillegg er beiting er ei ressursvennleg form for hausting, det godt for dyra og fint for publikum. Kristen skjøttar også andre viktige naturområde som mellom anna Feøya naturreservat.

 

2013 - Annlaug og Per Devold, Rauma

Garden Devold ligg 3-4 km frå kommunesenteret i Rauma. Devold er ein svært gammal slektsgard med mange gamle bygningar- som er svært godt teke vare på. Drifta er basert på mjølkeproduksjon og korn. I tillegg til den tradisjonelle gardsdrifta driv dei med opplevingsturisme – basert på garden sine mange ressursar. Garden har mellom anna fiskerett i elva Rauma, og med  grunnlag i dette og det gamle eldhuset på garden har dei satsa på å utvikle eit opplevingstilbod til grupper og bedrifter. 

 

2014 - Anne Grete Røymo og Roy Andersen, Sunndal

Garden Røymo ligg om lag 700 meter over havet, øvst og innerst i Sunndalen ved inngangen til Grøvudalen. Anne Grete og Roy driv hovudsakleg med sau, men driv også med geit, ammekyr og hest. På garden vert det teke omsyn til kulturminne og byggeskikk.  Våningshuset er i lafta tømmer og hovudkonstruksjonane i sauefjøset er bygd med limtrekonstruksjonar og torvtak. Rundt Røymo er det  registrert fleire spesielt verdifulle  slåttemarker,  som skjøttast etter avtale med fylkesmannen. Garden ligg også innafor det utvalde kulturlandskapet «Fjellgardane og seterdalane i Øvre Sunndal».

Les meir om tildelinga

2015 - Iris og Arnfinn Westerås, Stranda

Gården Westerås ligg om lag 320 meter over havet, i randsona til Geiranger – Herdalen landskapsvernområde og innafor verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap. Garden er brattlendt og areala er svært tungdrivne. Drifta på garden er basert på sau og geit. I tillegg til den tradisjonelle gardsdrifta er det utvikla ny næring på garden, der det  mellom anna er bygd ein restaurant med eige kjøkken i den gamle låven. Westerås  byr på eksepsjonell utsikt over bygda og fjorden, og er eit populært utgangspunkt for mange turar og aktivitetar.

Les meir om tildelinga

2016 - Stein Brubæk, Gjemnes

Garden Brubekken ligg i Angvika i Gjemnes kommune. Drifta på garden er geite- og kumjølkproduksjon. All mjølk går til eigen produksjon av ulike ostar, rømme og smør, og hovudmotivet har vore å ta vare på gamle tradisjonar, oppskrifter og produksjonsmetodar. Tunet og innmarka utgjer eit flott kulturlandskap, med velhaldne beitemarker og ein bygningsmasse som har fått behalde sitt gamle preg – og som passar godt til omgjevnadene. I tillegg til drifta heime på garden, driv Stein med seterdrift på Torbuvollen, tre mil frå Sunndalsøra sentrum.

Les meir om tildelinga

2017 -  Inger Fjærli Halse og Per Halse, Smøla

Edøygarden ligg på Edøya i Smøla kommune. Brukarparet har sidan 1978 drive med både plante- og husdyrproduksjon, og i dag driv dei med kjøttfe og utegangarsau. Inger og Per var av dei fyrste i området som starta med utegangarsau. Tunet på garden består av gamle bygningar – dei eldste  300 år gamle- og bygningsarven er pietetsfullt teke vare på. Innmark og utmark er halde i hevd gjennom slått og beitebruk. Alt dette gjer at tun, dyrkamark og beite framstår som heilskapleg, ryddig og velstelt.

Les meir om tildelinga

2018- Prisen vart ikkje udelt.