Kulturlandskapsprisen

Kulturlandskapsprisen går til ein eller fleire gardbrukararar, som utmerkar seg med miljøvennleg drift.Vinnaren får ein sjekk på  10.000 kr. og eit kunstverk, i tillegg til heider og ære og vissa om å ha gjort ein framifrå innsats med gardsbruket sitt. Det er Fylkesmannen som står bak kulturlandskapsprisen.

Kandidatane er vurderte etter desse kriteria:

  • At ålmenta har tilgang til å oppleve kvalitetar i landskapet gjennom friluftsliv og rekreasjon
  • At drifta medverkar til ei positiv fokusering på dei verdiane som landbruket representerer. Kandidatane bidreg dermed til eit meir opent landbruk i tillegg til eit ope landskap
  • At kandidatane med utgangspunkt i kulturlandskapet og lokale tradisjonar har skapt ny næring på garden
  • At det vert teke omsyn til kulturminne, byggeskikk og andre miljøverdiar, som til dømes biologisk mangfald i drifta
  • At drifta tek omsyn til miljøutfordringar på bruket og i nærområdet

Alle kriteria treng ikkje å vere oppfylt på ein gong, men prisvinnaren må vere ein god ambassadør for Bygde-Norge og for landbruket. 


17.09.2019

Kulturlandskapsprisen 2019 til Oddmund Ansok, Liabygda

Oddmund Ansok fikk tysdag 3. september utdelt Kulturlandskapsprisen for 2019 heime på garden sin på Ansok i Liabygda. Han var beæra over prisen og brukte sin tale blant anna til å takke gode vener og naboer for hjelp med drift av garden.

12.04.2019

Foreslå kandidatar til kulturlandskapsprisen 2019

Fylkesmannen inviterer alle til å kome med forslag på kandidatar til Kulturlandskapsprisen innan 31. mai 2019. Forslaget skal fremjast via eit elektronisk skjema via link i artikkelen.  

01.09.2017

Kulturlandskapsprisen 2017 til Inger Fjærli Halse og Per Halse, Smøla

Kulturlandskapsprisen for 2017 er tildelt gardbrukarane Inger Fjærli Halse og Per Halse på Edøya på Smøla. Bakgrunnen for tildelinga er deira mangeårige arbeid for kulturlandskapet på garden sin. Gardbrukarparet fekk tildelt prisen av landbruksminister Jon Georg Dale på Dyregoddagane i Gjemnes i dag.

01.06.2017

Kven skal få Kultur-landskapsprisen 2017?

Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil også i år dele ut Kulturlandskapsprisen. Prisen går til ein eller fleire gardbrukarar som utmerkar seg med miljøvenleg drift. Alle vert inviterte til å komme med forslag til kandidatar før 1. august.

02.09.2016

Kulturlandskapsprisen 2016 til Stein Brubæk

Kulturlandskapsprisen for Møre og Romsdal går i 2016 til Stein Brubæk frå Angvika i Gjemnes kommune. Brubæk er ein fagleg dyktig, interessert, engasjert og svært aktiv prisvinnar.

01.09.2016

Velfortent heider til Storfjordens Venner

Storfjordens Venner nådde eit høgdepunkt, då dei i år vart tildelt Europa Nostra-prisen / EUs kulturminnepris under eitt høgtideleg arrangement i Madrid 24. mai 2016. Foreininga fekk prisen i klassa «Dedicated services» - «Spesielle tenester» - (rekna som den gjævaste!). Organisasjonen har motteke både den nasjonale og lokale kulturlandskapsprisen, samt fleire andre prisar opp gjennom åra.

01.06.2016

Høgaste kulturminnepris i Europa tildelt Storfjordens venner

I starten av april 2016 kom meldinga om at Storfjordens venner hadde fått tildelt den gjevaste kulturminneprisen i Europa. I slutten av mai var det prisutdeling.

25.05.2016

Foreslå kandidatar til kulturlandskapspris 2016

Fylkesmannen inviterer lag, organisasjonar, kommunar og einskildpersonar til å komme med forslag på kandidatar til Kulturlandskapsprisen før 1. august 2016.

25.05.2016

Tidlegare mottakarar av kulturlandskapsprisen i Møre og Romsdal

Oversikt over dei som har fått Kulturlandskapsprisen for Møre og Romsdal 2001- 2017

07.04.2016

Europeisk kulturminnepris til Storfjordens Venner

Storfjordens Venner er tildelt EU sin kulturminnepris/EU Nostra Pris 2016. Dette er den mest prestisjetunge prisen innan kulturminnearbeid i Europa. Foreninga får prisen i kategorien "Spesiell innsats".

04.09.2015

Kulturlandskapsprisen 2015 til Iris og Arnfinn Westerås, Geiranger

I dei bratte liene ovafor sentrum av Geiranger vert det lagt ned eit pietetsfullt og nitidig arbeid med stell av kulturlandskapet. Kunnskap om kulturlandskapet vert også formidla vidt ut over. For alt dette får Iris og Arnfinn Westerås kulturlandskapsprisen for 2015.

05.09.2014

Kulturlandskapsprisen 2014 til unge bønder i Sunndal

Kulturlandskapsprisen 2014 gjekk til Anne Grete Aklestad Røymo og Roy Andersen på Røymo øvst i Sunndalen. Anne Grete overtok garden i 2003, Ho driv den saman med ektemannen Roy og barna Eirin og Ingvild. Garden ligg om lag 700 m over havet på Røymo øvst og innerst i Sunndalen, ved inngangen til Grøvudalen.


Kontaktpersonar

Tidlegare prisvinnarar