Motsegn til forslag om omdisponering frå LNF til bustadområde i Skodje sentrum ikkje tatt til følgje av Kommunal- og Moderniseringsdepartementet (KMD)

Område for bustad (B7) og friområde (GF3) i kommuneplanens arealdel for Skodje (no Ålesund) kommune. (Foto: Karutsnitt frå GisLink 13.05.2020)
Område for bustad (B7) og friområde (GF3) i kommuneplanens arealdel for Skodje (no Ålesund) kommune. (Foto: Karutsnitt frå GisLink 13.05.2020)

Etter at meklinga om delområde B7 og GF3 i arealdelen til tidlegare Skodje kommune ikkje førte fram, vert saka i 2019 sendt til KMD for endeleg avgjerd. Områda omfattar 38 daa dyrka mark, og departementet meiner at fordelane med sentrumsutvikling og ei utbygging her er større enn ulempa ved å bygge ned matjorda. Departementet godkjente kommunen sine planar 8. mai 2020.

Sjå pressemelding frå Kommunal- og Moderniseringsdepartementet og vedtaksbrev i høgre marg.