Plan

God planlegging og arealforvaltning er ein føresetnad for god samfunnsutvikling. Regjering og Storting fastset dei nasjonale måla, men Fylkesmannen har også ei rolle i dette.

Som fagmynde innanfor landbruk, miljøvern, helse og samfunnstryggleik skal Fylkesmannen sørge for at nasjonale interesser blir ivaretekne. Fylkesmannen skal også sikre at kommunale vedtak i plan- og byggesaker er i samsvar med gjeldande lovverk.

I utgangspunktet er det kommunen sjølv som tek avgjerder for korleis areala skal brukast, så lenge arealbruken er innanfor rammene av nasjonal politikk. Når kommunene fattar vedtak, som etter Fylkesmannen sitt syn går utanfor desse rammene, kan Fylkesmannen klage (på dispensasjonsvedtak) eller fremje motsegn (mot kommuneplanar og reguleringsplanar).


06.10.2016

Kommunedelplan Hjelset – Molde kommune – god plan for jordvernet

Fylkesmannen er veldig godt nøgd med at Molde kommune har prioritert jordvernet i kommunedelplanen, der dei aller fleste innspela er avvist med omsyn til vern av matproduserande areal.

30.09.2016

Aukra kommune - landbruk trekkjer motsegn

Fylkesmannen hadde ved 1. gongs offentleg ettersyn 7 motsegner knytt til landbruks- og jordverninteressene i arealdelen av kommuneplanen i Aukra. Etter litt drøfting og «gi og ta» har Fylkesmannen valt å trekke alle motsegner etter 2. gongs høyring.

28.09.2016

Kommunedelplan Isfjorden – gode rammevilkår for landbruksnæringa

Ved fråsegn til 2. gongs høyring for kommunedelplan Isfjorden i Rauma kommune, hadde Fylkesmannen 3 motsegner på vegne av landbruksinteressene. Ved 3. gongs offentleg ettersyn er alt teke til etterretning, og Fylkesmannen kunne dermed trekke motsegna knytt til plana for landbruksinteressene.